RSS

Charles Dickens – THE MYSTERY OF EDWIN DROOD

06 Okt

edwin-droodDen siste boka Charles Dickens skreiv var ein krim, og vart også eit mysterium i virkeligheita. For då Charles Dickens døydde i 1870, var ikkje boka ferdig.

Ei ganske omfattande historie, om Edwin Drood, og jenta foreldra har planlagt han skal gifte seg med. Saman vert dei to einige om ikkje å gifte seg, og etter kvart forsvinn Edwin sporlaust.

(1870)

Vurdering:

Plottet – 7
Edwin Drood forsvinn etter at den lenge avtalte trulovinga med Rosa Bud vert avlyst. Det er ein del intriger rundt avlysinga. Onkelen til Drood, opiumsavhengige John Jasper, som har vore ein pådrivar for trulovinga, er ein sentral person her. Også tvillingane Neville og Helena Landless, frå Ceylon, er involvert, spesielt Neville, som får eit godt auge til Rosa, allereie før trulovinga vert avlyst.

Karakterane – 7
Tittelen antydar at det er Edwin Drood det handlar mest om, men den mest sentrale skikkelsen er onkelen, John Jasper. Alt i alt eit breitt og stort galleri.

Miljøskildring – 7
Fiktivt småbymiljø i Cloisterham, sentrert rundt byens katedral.

Språket – 8
Boka er snart 150 år gammal, så eit litt seigare språk enn det ein er van til må påregnast. Men det er mange historier som forteljast undervegs, så historiemessig er det ikkje så treigt, men krimmessig kunne det nok vore meir driv.

Starten – 6
Sidan denne boka aldri vart avslutta, og dette sannsynlegvis berre er fyrste halvdel av historia, så er det ein svært lang start. Faktisk så er det lite som minner om ei krimhistorie før me nærmar oss slutten.

Sidesnuing – 6
Som nevnt, det er mange historier her, men spenninga uteblir.

Tempo – 7
Som over, det er ting som skjer, ikkje veldig temporikt, og som krim fungerer det ganske dårlig i store delar av boka.

Forutsigbarheit – 6
Eit litt vanskeleg punkt å bedømme, i og med at me ikkje kjem heilt i gong med mysteriet her.

Den gode kjensla – 7
Ei litt seig historie, der kanskje mysteriet utanfor boka (om korleis den sluttar) er meir spennande enn sjølve boka.

Avslutninga – 7
Dickens vart i følge wikipedia berre ferdig med 6 av 12 delar av denne historia, så den er dermed berre halvvegs. Og det som er slutten i historia slik den står no, er eigentleg berre byrjinga på sjølve krimen.

TOTAL: 6,8

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: