RSS

Wilkie Collins – THE MOONSTONE

26 Okt

moonstoneUnge Rachel Verinder arvar ein svær diamant frå onkelen sin, men diamanten har ei historie. Den vart i si tid stolen frå India, der den var ein heilagdom. Etter eit selskap, der Rachel ber diamanten, vert den stolen, og fleire vert mistenkte, blant anna tre indiske sjonglørar, som har dukka opp i selskapet.

Denne boka vert rekna som den aller fyrste krimromanen, i alle fall på engelsk. Collins vert også med denne boka kreditert som fyrstemann som bruker mange av dei krimgrepa me framleis ser i dag.

* BBC viser denne hausten ei TV-serie basert på boka.

(1868)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein stor og verdifull diamant vert stolen frå soverommet til eigaren etter ein stor fest. Sjølv om ein ikkje heilt veit kven som kunne ha gjort det, vert mange av deltakarane på festen mistenkte.

Karakterane – 7
Eit ganske stort galleri, karakterar som kjem og går, og både sentrale og forbipasserande karakterar vert grundig introduserte.

Miljøskildring – 7
Tidlaus skildring av herregårdsmiljø i England.

Språket – 8
Svært bra og drivandes, i forhold til mange andre eldre krimbøker. Og spesielt med tanke på årstalet, er det svært enkelt og godt språk.

Starten – 8
Boka er delt opp slik at fleire forteljarstemmer fortel sin versjon av historia. Det gjer også at dei forskjellige delane er ganske rett på sak, så sjølv om det er litt etablering av historia til diamanten, og hendelsane rundt, så er det spennande veldig tidlig her.

Sidesnuing – 7
I og med at den er delt opp med forskjellige variantar, så er det spennande heile vegen, og ein ventar på korleis den neste historia skiljer seg frå den forrige, og kva ny informasjon den kan bringe.

Tempo – 8
Det skjer ikkje superraskt, men ein sit heller ikkje med kjensla av at ting går for sakte her.

Forutsigbarheit – 7
Det er ikkje umulig å gjette seg til kva retning dette kjem til å gå, men det er mange muligheiter undervegs, og i følge wikipedia er denne boka den fyrste krimboka som bruker avledningar, altså alternative løysingar som viser seg å vere feil. (Red Herrings, som det heiter på engelsk)

Den gode kjensla – 9
Ei spennande og stemningsfull bok, som, kanskje spesielt når ein kjenner den historiske betydninga den har hatt, lesast med ei viss ærefrykt. Men uansett er den god lesing, og ein sit igjen med eit svært godt inntrykk, spesielt med tanke på alderen.

Avslutninga – 7
Ein interessant og overraskande vri på historia heilt mot slutten, og ein slutt ein kanskje har vore inne på sjølv undervegs?

TOTAL: 7,6

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: