RSS

Josephine Tey – THE DAUGHTER OF TIME

07 Jan

daughteroftimeTidenes beste krimbok?

Scotland Yard-inspektøren Alan Grant kjedar seg på sjukehus, der han er lenka til senga  etter eit beinbrot. Venner og kolleger kjem innom med lesestoff, men det er ikkje før han ser eit bilete av Richard III at interessa vert vekka. Mannen som drap sine små nevøar for å overta den engelske trona er eit ukjent fjes, og Grant morer seg ved å la gjestane som kjem innom få beskrive ansiktet på portrettet. Dei som ikkje kjenner han igjen, meiner han ser ut som ein snill og flott fyr. Grant byrjar grave litt i kva folk faktisk veit om denne regenten, som er såpass hata av historikarane, og byrjar etter kvart å tvile på kjeldene.

The Daughter of Time vart i 1990 kåra til tidenes beste krimbok av britiske Crime Writers Association. På den amerikanske kåringa frå 95, er den på fjerdeplass.

(1951)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein sengeliggande etterforskar bestemmer seg for å etterforske saka til Richard III for å finne ut om han verkeleg var ein så fæl fyr som historiebøkene vil ha det til.

Karakterane – 7
Den sengeliggande hovudpersonen driv historia framover, saman med diverse gode hjelparar. I tillegg får me innblikk i dei historiske karakterane rundt og etter Richard III.

Miljøskildring – 7
Me kjem tettare på samtidas sjukehusmiljø, eller sjukestova, enn på det historiske miljøet historia gir oss små drypp av.

Språket – 9
Framoverdrivande, og i ei heilt anna spenningsklasse enn bøker frå same periode.

Starten – 8
Etter litt informering rundt den sengeliggande, er me i gong.

Sidesnuing – 7
Historia går litt i bolkar her, og det er kanskje ikkje dei heilt store sidesnuarane, men spesielt mot slutten vert ein veldig nysgjerrig på kvar dette endar.

Tempo – 8
Det er som nemnt driv heile vegen, og sjølv om det er vanskeleg å lag ein heseblesande thriller av ein sengeliggande etterforskar (har ikkje gløymt Bone Collector altså), så går historia framover i ganske bra tempo.

Forutsigbarheit – 8
Det er her det byrjar verte spennande. For historia om Richard III er velkjend, og i alle fall lett å google, så dermed er det spennande å høyre korleis Grant og dei gode hjelparane plukkar denne historia frå kvarandre. Ganske uforutsigbart, sjølv om ein mistenker kva det ender opp med.

Den gode kjensla – 9
Det er ei spesiell kjensle å sitje med ei bok ein veit er kåra til tidenes beste krimbok. Samstundes er det spennande å vite at boka fekk så god mottaking den gongen den kom ut. Og om den enn er noko annaleis enn krimbøker i dei seinare år, så er den spennande og held framleis høg kvalitet.

Avslutninga – 8
Løysing lar vente på seg, og spenninga held seg til me er ferdige.

TOTAL: 7,9

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: