RSS

John Le Carré – SPIONEN SOM KOM INN FRA KULDEN

02 Mar

Spionen Alec Leamas mister sin siste dobbeltagent i det vedkomande prøver å kome seg over muren i Berlin. Leamas reiser tilbake til London for å avslutte karrieren, men vert bedt om å gjere ein siste jobb. Han skal hoppe av og feilinformere kommunistane, for å felle sin erkerival Mundt.

 

Denne boka er kåra til tidenes beste spionthriller og endte på tredjeplass i Crime Writers Association si kåring over verdas beste krimbøker.

(1963)

Vurdering:

Plottet – 8
Når spionen Leamas mister sin siste dobbeltagent i Aust-Tyskland, vert han sendt heim til London vel vitande om at han ikkje fekk utretta det han skulle i Berlin, nemleg å felle den tyske Abteilung-offiseren Mundt. Men tilbake i England vert han bedt om å verte verande ute i kulda litt til. Han skal hoppe av og feilinformere kommunistane, for å felle erkerivalen.

Karakterane – 8
Hovudpersonen Leamas er ein delvis mystisk karakter me likevel får vite veldig mykje om. Han operer i eit mylder av kolleger, overordna og fiender, og får også tid til å knytte kjennskap til den unge bibliotekaren Liz. LeCarré går grundig inn i dei fleste av disse.

Miljøskildring – 9
Skildringa av den kalde krigen er spennande og kjendes nok svært tett på livet den gongen den kom ut.

Språket – 8
Lettlest og god flyt, men svært grundig, både i handling og enkeltscener, noko som gjer det litt omstendelig til tider.

Starten – 8
Rett inn i ei actionscene der Leamas er i ferd med å miste si siste kontakt på austsida av muren.

Sidesnuing – 7
Det går til tider ganske sakte i 2017-målestokk, men med eit par unntak føles det ikkje for seigt. Når spenninga derimot når dei høge toppane, er det vanskeleg å legge den frå seg.

Tempo – 7
Som nemnt over, så går det litt trått enkelte stader.

Forutsigbarheit – 9
Til tross for eit litt seigt tempo, er det fleire spennande overraskingar undervegs.

Den gode kjensla – 9
Dette er ei av dei bøkene som absolutt kjennes ut som ein klassikar når du les den. Litt trå, men solid og spennande og eit glimt inn i korleis den kalde krigen muligens vart opplevd på 60-talet.

Avslutninga – 8
Historia leverer heilt til slutt.

TOTAL: 8,1

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: