RSS

Edgar Allan Poe – MORDENE I RUE MORGUE

15 Mar

Dette seiast å vere den fyrste moderne krimfortellinga i litteraturen.

To kvinner, mor og dotter, vert funne drept i ei leiligheit i Paris. Leiligheita i tredje etasje er låst frå innsida, og dottera vert funnen oppe i peisen. Fleire naboar har høyrt stemmer frå innsida, men ingen er heilt einige om nasjonaliteten på vedkomande, med unntak av det heilt sikkert ikkje var ein franskmann.

Den adelige og intelligente C. Auguste Dupin, ein tidleg Sherlock Holmes, som liker å briljere med sine deduktive evner, (ratiosinasjon, som Poe kallar det) er mannen som skal løyse saka.

(1841)

Vurdering:

Plottet – 8
To kvinner vert funne drept, mest truleg av ein utlending, i følge vitna. Det er ein del spor å gå etter, men det er fleire spørsmål enn svar.

Karakterane – 8
Hovudpersonen C. Auguste Dupin er svært sjarmerande og underhaldande, og det er vel ingen tvil om at han har inspirert framtidige karakterar som Sherlock Holmes og Agatha Christie sine heltar Poirot og Miss Marple.

Miljøskildring – 8
Eit mørkt og klassisk Poe-landskap. Forteljaren er som hos Sherlock Holmes og Poirot ein nær venn av hovudpersonen, og skildrar Paris, muligens noko økonomisk.

Språket – 7
Språket er noko tyngre enn dagens, men likevel er dette ganske lettleste greier. Boka er heller ikkje så lang, så det er ikkje mykje tid til utanomsnakk.

Starten – 8
Historia opnar med å etablere evnene til Dupin, på Sherlock Holmes-vis. Deretter hoppar me elegant til ugjerninga som har skjedd.

Sidesnuing – 8
Dette er ei forholdsvis kort historie, så ting skjer stort sett så fort at du ikkje tenker på å legge frå deg boka.

Tempo – 8
Som over, det går ganske fort når det er ei såpass kort historie. Sjølv om det ikkje er eit heseblesande tempo, så er det ikkje stilleståande nokon stad.

Forutsigbarheit – 7
Eit litt vanskeleg punkt, for dei fleste som kjenner krimhistoria har nok høyrt om denne boka, så ein del ting vert nok forutsigbart. For dei som ikkje har høyrt om den, er det likevel nokre spennande vendingar undervegs.

Den gode kjensla – 9
Spennande og stemningsfullt heile vegen. Ein skikkelig klassikar, om enn noko kort.

Avslutninga – 8
Spennande heilt til endes.

TOTAL: 7,9

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: