RSS

Jussi Adler-Olsen – MARCO-EFFEKTEN

17 Mar

Ein gategutt i København prøver å bryte ut av den voldelige klanen til sin eigen onkel, og finn eit lik nedgravd i skogen. Kort tid seinare ser han den døde mannen på ein sakna-plakat.

Han vil gjerne fortelle, men om han kjem i kontakt med politiet, vil han enten verte sendt ut av landet, eller endå verre; tilbake til onkelen.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein ung gut finn ein sakna mann, men kan ikkje gå til dei pårørande eller politiet, fordi han ikkje har opphaldstillatelse i Danmark, og i tillegg er på flukt frå sin eigen klan, som kjem til å drepe han om dei får tak i han.

Karakterane – 8
Carl, Assad og Rose frå Avdeling Q kjenner me etter kvart godt. Dei får denne gongen besøk av Gordon, som skal hjelpe dei, mot deira vilje. Gategutten Marco er hovudpersonen me vert mest kjend med, saman med ei rekke tvilsomme folk frå finans/utanriks/bistands-miljøet.

Miljøskildring – 8
Som vanleg fine København-skildringar frå Adler-Olsen

Språket – 9
Ikkje mykje å utsette. Lettlest og fint, samstundes som det ikkje vert for overfladisk.

Starten – 8
Me går rett inn i dramatikk i Afrika, som set bakteppet for historia.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned. Det er spennande stort sett heile vegen, men av og til vert det litt lange runder mellom kvar «cliffhanger».

Tempo – 7
Tempoet er greit. Det skjer ting, men kjennes litt seigt somme stader. Kanskje mest mot slutten, som er litt uvanleg.

Forutsigbarheit – 7
Forfattaren klare å halde oss inne i spenninga til ei viss grad, men igjen (SPOILERALERT?) så er det kanskje fleire overraskande vendingar i starten enn mot slutten

Den gode kjensla – 7
Ei spennande historie, og sjølv om det enno ikkje kjennes som om Avdeling Q går etter ein fast mal, så er det ikke veldig langt unna.

Avslutninga – 8
Dramatisk og fin.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: