Ei kvinne døyr etter ein husbrann i Hagfors, og det kan tyde på at den eksplosive brannen er påtent. Ein mann har vorte sett syklande frå staden like før.
Ikkje mange dagane etter, står eit nytt hus i brann på den vesle staden, og brannen liknar veldig på den forrige.
(2012)
Vurdering:
Plottet – 8
Ting kan tyde på at ein brannstiftar herjar i Hagfors, og politiet står utan spor eller samanheng. Christer Berglund er midlertidig sjef på politikontoret, og får ansvaret for etterforskinga.
Karakterane – 9
Det er politifolka Christer og Petra som står mest i fokus i denne boka, og journalist Magdalena Hansson kjem litt i bakgrunnen. Litt meir oversiktleg enn tidlegare, og ein fin samansetjing av karakterar.
Miljøskildring – 9
Veldig fin og stemningsfull skildring av den svenske landsbygda.
Språket – 9
Heilt i toppsjiktet.
Starten – 8
Det er lite om og men før me er i gong med dramatikken og spenninga i historia.
Sidesnuing – 8
Schulman held spenninga oppe på ein glimrande måte her, og parallelle historier gjer at det stadig skjer spennande ting. Ei bok det er vanskeleg å legge frå seg.
Tempo – 8
Ikkje heseblesande, men ein får heller ikkje kjensla av at det går for sakte nokon stad. Dei parallelle historiene er med på å drage historia framover heile vegen.
Forutsigbarheit – 8
Det er kanskje ikkje dei heilt store vriane i histora, men utan at det vert forutsigbart.
Den gode kjensla – 8
Nok ei solid og god bok frå Schulman. Stemningsfullt, spennande og godt fortalt. Manglar kanskje x-faktoren som løftar den heilt i toppen.
Avslutninga – 8
Dramatikken tiltek mot slutten.
TOTAL: 8,3
One response to “Ninni Schulman – GUTTEN SOM SLUTTET Å GRÅTE”