RSS

Ninni Schulman – SVAR HVIS DU HØRER MEG

09 Apr

Den tredje boka i serien frå Hagfors, om lokaljournalist Magdalena Hansson og politifolka Christer Berglund og Petra Wilander.

Under jakta vert ein av medlemmene på det lokale jaktlaget funnet skoten på sin post, og dottera hans som var med på jakta, har forsvunne.

Politisjefen er med på jaktlaget, og får same status som dei andre på laget, noko som kompliserer saka.

Kort tid før jakta har ein ulv vorte ulovleg skoten i nærleiken, og politiet lurer på om tjuvfellinga kan ha noko med drapet å gjere.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 9
Jeger Pär Sanner vert funnen skoten på post, berre timar etter at jaktlaget har starta elgjakta. Politisjef Petra Wilander er med på jaktlaget, og politiet må hente inn ekstern hjelp for å leie saka. Det som gjer saka meir komplisert, er at Sanner hadde med tenåringsdottera i skogen, og ho er vekke. Alt tyder på at det er nokon i jaktlaget som står bak, sidan det ville vere nærast umulig å kome utanfrå, og kome seg nær nok posten til Pär utan å verte oppdaga.

Karakterane – 9
Christer, Petra og Magdalena er framleis i fokus, medan den norske etterforskaren Geir Clausen kjem inn for å leie etterforskinga. Ungane veks i dei fleste familiene i Hagfors, og får større og større roller. Folke Natt och Dag er litt meir i skyggen denne gongen, men variasjonen og spennet i karakterar er framleis imponerande, og litt meir kontrollerbart etter tre bøker, enn det var etter den fyrste.

Miljøskildring – 9
Mykje skog denne gongen, men skildringane er framleis glitrande, og ein får til tider kjensla av å traske rundt i skauen i regnveret.

Språket – 9
Enkelt og lettlest. Dette er Schulman god på.

Starten – 8
Me hoppar forholdsvis rett inn i jakta, og derfrå går det slag i slag.

Sidesnuing – 9
Som vanleg fleire parallellhistorier i bøkene til Schulman. Nokon meir spennande enn andre, men alle er med på å skape spenning rundt kvart hjørne.

Tempo – 8
Bra driv, og det skjer stadig ting. Sjeldan kjedelig.

Forutsigbarheit – 8
Dette er på mange måter ei «lukka rom»-historia, sidan det truleg må vere nokon i jaktlaget som står bak. Likevel er det heilt åpent heilt til slutten, men saknar at mistanken vert spredd litt hit og dit.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande og god bok, men det er somme ting som ikkje føles heilt komplett her. Utan å avsløre for mykje, så saknar ein blant anna den gode «aha»-kjensla når ein skjønar korleis ting heng saman.

Avslutninga – 7
Heilt grei. Skulle gjerne hatt kjensla av å vere flinkare å gjette undervegs.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: