RSS

Clare Mackintosh – JEG LAR DEG GÅ

11 Apr

Ein fem år gammal gut vert påkøyrd og drept i Bristol, og sjåføren stikk av. Det einaste vitnet er mor hans, som slapp handa rett før han sprang ut i vegen.

Omgivelsane minner Jenna for mykje om ulukka, og Jacob som døydde, og ho forlet Bristol og flyttar til ei avsidesliggande hytte ved kysten i Wales.

Men sjølv ikkje her klarer ho ikkje å gløyme, og i det livet byrjar å normalisere seg nokon lunde, vert ho påminna det som skjedde.

Av dei 9 krimbøkene hittil i år, er dette heilt klart den beste.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Etter at ein ung gut vert påkøyrd i Bristol, og sjåføren stikk av, slit politiet med å finne bilen og eigaren. For Jenna Gray vert livet snudd opp ned, og i Bristol er det for mykje som minner henne om sorga. Ho forlet alt og flyttar til ein avsidesliggande stad på Waleskysten, for å gløyme, og kanskje starte på nytt, om det er mulig.

Karakterane – 8
Jenna Gray er ei kvinne som har fått livet snudd på hovudet. Dei topolitifolka Ray Stevens og Kate Evans, som etterforskar påkøyrsla er vanlege og truverdige folk, med dagligdagse liv, utan nokon som helst form for superkrefter.

Miljøskildring – 9
Spesielt det aude og forlatte klippelandskapet i Wales er som ein ser det for seg, men stemninga både i etterforskinga og i byen forøvrig er stemningsfull.

Språket – 9
Svært velskreven og lettlest. Glitrande oversetjing.

Starten – 9
Fartsfyllt og rett på sak.

Sidesnuing – 9
Dette er ei bok du gjer ferdig på ein kveld eller to. Ingen grunn til å legge den frå seg.

Tempo – 8
Handlinga er roleg, dyster og sorgtung, men det går ikkje for sakte på nokon måte, sjølv om dette er langt frå ei actionhistorie.

Forutsigbarheit – 10
Blurbane på omslaget skryt veldig av overraskelsesmomenta i boka, og dei lovar ikkje for mykje. Her kan du verte lurt både ein og fleire gonger.

Den gode kjensla – 9
Ei lettlest og likevel massiv historie. Spennande heile vegen, flotte bilder, og alt ein kan ønske seg av vriar og vendigar. Ei god påskebok.

Avslutninga – 8
Det vert litt meir actionfylt mot slutten, og det er det ingenting å seie på.

TOTAL: 8,7

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: