RSS

Ingar Johnsrud – WIENERBRORSKAPET

15 Apr

Dottera til nestleiaren i KrF forsvinn, saman med ei sekt i Maridalen. Akkurat i det etterforskar Fredrik Beier skal prøve å finne henne, vert fleire av medlemmene massakrerte på garden der dei held til, og det vert mykje meir enn ei forsvinningssak.

På garden finn politiet eit moderne laboratorium, samt ting som peikar mot andre verdenskrig, og rasebiologi frå 30-talet.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 9
Det som i utgangspunktet skulle vere jakta på ei forsvunna kvinne, og hennar son, vert ei jakt på ein massedrapsmann, og ei famling for å finne eit motiv. Trådane i saka strekk seg over landegrensene, og nesten 100 år tilbake i tid.

Karakterane – 9
Eit bra samansett galleri, med fleire gode bakgrunnshistorier. Skulle gjerne likt å få ein sterkare grunn til å heie på hovudpersonen, som forsvinn litt i mengda blant fleire etterforskarar her.

Miljøskildring – 8
Fine Oslo-skildringar.

Språket – 8
Velskrive og lettlest. Hadde vore forfriskande å ha ein kvinneleg karakter som ikkje vart omtala ut frå form og storleik på puppane eller rumpa.

Starten – 8
Bra og tempofyllt åpning.

Sidesnuing – 8
Når me kjem i gong, flyg sidene av garde her. Denne boka vart slukt på to økter i påska.

Tempo – 8
Bra driv når me kjem i gong, og fleire parallelle historier held tempoet oppe heile tida.

Forutsigbarheit – 8
Mange fine overraskelsesmoment undervegs.

Den gode kjensla – 8
Ei svært god og intrikat historie med gode karakterar. Eit stort minus at alle mannlige karakterar vurderer kvinner ut frå kropp, litt som å lese ei krimnovelle i Vi Menn på 90-talet. Men utover det, kan ein knapt vente på neste bok om Fredrik Beier.

Avslutninga – 8
Ei avslutning av hollywoodske dimensjonar.

TOTAL: 8,2

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: