RSS

Knut Nærum – VOODOO PÅ VESTKANTEN

17 Apr

Nok eit møte med detektiven Oberon Qvist og krimforfattar Kjell Nilsen.

Denne gongen er det ei rik kaffefamilie på vestkanten som fryktar at voodoo er inne i bildet, i forbindelse med dødsfallet til styreleiar Mons Gram. Heile familien har budd på Haiti, der dei har kaffiplantasje, og med seg heim har dei både tjenestefolk og idear.

Sonen Njål Gram meiner han har fått SMS frå sin døde far, og vil ha Kjell Nilsen til å sjå på saka.

Igjen ei bok som får ein til å ønske inderlig at Nærum byrja skrive seriøs krim også.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein kaffearving er redd for at familien har vorte utsett for voodoo, og får tekstmeldingar frå telefonen til sin nyleg avdøde far. Krimforfattar Kjell Nilsen vert tilkalla for å finne ut om det er noko i bekymringane på vestkanten.

Karakterane – 8
Kjell Nilsen er ein solid forteljarkarakter, Oberon Qvist litt i skuggen denne gongen. Ein del spennande typer i den utvida Gram-familien.

Miljøskildring – 8
Veit ikkje korleis livet i kaffeimperiekrinsar er, men reknar med dette er ganske treffande.

Språket – 9
Som vanleg, ein lettlest variant av den klassiske krimfortellinga. Språket frå dei klassiske Bernhard Borge/Agatha Christie-historiene, men i moderne innpakning.

Starten – 8
Me hoppar rett inn i voodoo-dramatikken.

Sidesnuing – 8
Sjølv om dette er ei humorbok, så har Nærum her funne tilbake til den klassiske krimen frå Døde Menn Går på Ski og De Dødes Båt, ein sjanger han på mange felt beherskar bedre enn dei fleste seriøse krimforfattarar. Utover i boka vert denne historia meir og meir spennande, og

Tempo – 7
Det er ikkje thriller-tempo, men bra driv og få dødpunkt.

Forutsigbarheit – 8
Humoren er kanskje viktigare enn overraskelsesmomenta her, og twist-parodiane vert kanskje derfor litt forventa, men likevel gjer det ikkje historia veldig forutsigbar.

Den gode kjensla – 8
Ei meir spennande enn morsom bok denne gongen, og sjølv om elementa med voodoo og zombiar kanskje er i overkant parodiske, så er det likevel spennande, og god påskelesning.

Avslutninga – 8
Drama, spenning og ubehag heilt til den bitre slutten.

TOTAL: 7,9

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: