RSS

Anna Grue – KUNSTEN Å DØ

21 Apr

Den 83 år gamle kulturkritikaren Ingegerd Clausen vert funnen drept i dottera sitt hus, og all kunsten dottera Kamille Schwerin har jobba med den siste tida, er knust til pinneved. Det meste tyder på at det er Kamille som er målet for angrepet, og ikkje mora, som berre har vore på feil plass til feil tid.

Eit lite hopp fram i tid, og Kamille skal vere med på ein realityserie på ei øy, like utanfor Christianssund, der ho bor. I tida sidan drapet på mora, har ho sjølv vorte utsett for fleire drapsforsøk, og det ser ikkje ut til at TV-innspelinga gjer at disse stoppar.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei kvinne vert utsett for ei rekke drapsforsøk, og under eit tv-opptak virkar det som om ho framleis er i fare.

Karakterane – 7
Hovudpersonen er privatdetektiven Dan Sommerdahl, ein slags reklamemann som viklar seg inn i diverse politisaker. Saman med han er det politietterforskar Flemming Torp som styrer skuta. I tillegg eit nett av karakterar i realityserien, og i miljøet rundt Kamille Schwerin. Dei fleste er greie krimkarakterar, den underligaste er nok hovudpersonen Sommerdahl, som framstår som litt for karikert og tøysete i forhold til resten av boka. Dette er bok 3 i serien om Sommerdahl, så det kan hende han framstår litt bedre om ein har dei to andre bøkene i ryggen.

Miljøskildring – 7
Christianssund, ein fiktiv by ein eller annan stad i Danmark. Livet på øya i delen med tv-serien er fint skildra.

Språket – 7
Forholdsvis lettlest. Litt seigt til tider.

Starten – 7
Det er litt tilrettelegging i starten, men det tek ikkje veldig lenge før me er i gong.

Sidesnuing – 7
Det er spennande her og der, men alt i alt vert det for lange strekk mellom dei spennande delane, noko som gjer at det er ganske lett å ta ei pause frå boka. Vert bedre mot slutten.

Tempo – 7
Det går litt for sakte. Veldig omstendelig mellom kvar gong det er spennande.

Forutsigbarheit – 8
Forfattaren held korta tett til brystet her, og det er mange muligheiter, og kanskje til tider parodisk mange tilfeldigheiter som gjer at alle har motiv. Men likevel held spenninga seg nokon lunde heilt inn.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt grei bok. Spennande, litt seig, og altfor lang somme stader.

Avslutninga – 8
Slutten er nok det som løftar boka mest. Spennande og kanskje litt overraskande?

TOTAL: 7,2

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/04/2017 in danmark, detektiv, grue, kunst, politi, tv

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: