RSS

Stein Riverton – WILSON, MANNEN MED MANSJETTKNAPPEN

04 Mai

Ein generalkonsul i Oslo vil slå seg opp som filantrop, og gi ein stor sum til bygging av ei kyrkje i Oslo, men når pengane skal overleverast, er dei som sunke i jorda.

Asbjørn Krag må jakte gulltjuven, og ein mansjettknapp kan virke som eit bevis i saka. Når nokon prøver å stjele mansjettknappen frå Krag, er det ikkje tvil.

Engelskmannen Wilson peikar seg ut som hovudmistenkt, og Krag set i gong jakta.

(Ukjent)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein pengesum i gull vert stole frå ein vordande filantrop i Oslo, frå eit rom som tilsynelatande er uinntrengelig, og Asbjørn Krag vert sett på saka.

Karakterane – 7
Asbjørn Krag er ein klassisk detektiv frå tidlig 1900-tal, og ikkje heilt utan sjarme. Han er historia sin hovudperson, i si jakt på den engelsk rikmannen Wilson. I tillegg er ekteparet Holmes sentrale i historia.

Miljøskildring – 7
Oslo tidleg på 1900-talet. Mørkt og stemningsfullt.

Språket – 7
Ikkje så aller verst med tanke på alderen. Bra driv og lite tunge strekk.

Starten – 7
Ingen pangstart, men det tek ikkje lang tid før me er i gong.

Sidesnuing – 6
Når jakta er på sitt mest intense, går tida fort, men ellers er det ikkje altfor heseblesande.

Tempo – 7
Som over, det er bra driv når det er spennande, men på ingen måte hektisk.

Forutsigbarheit – 6
Det er litt fram og tilbake, men historia er kanskje litt for rett fram for den som likar å gjette og undre seg undervegs. Det er ikkje altfor openbart kvar me skal, men heller ikkje dei heilt store overraskingane.

Den gode kjensla – 7
Det er noko eige med stemninga i bøkene frå denne perioda. Kjensla av ein skikkelig gammal påskekrim i svart/kvitt. Langt frå den beste boka til Stein Riverton, men absolutt verdt å lese.

Avslutninga – 7
Riverton nøstar opp i dei lause trådane, og fører oss trygt i mål i same tone som resten av boka.

TOTAL: 6,8

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: