RSS

Max Mauser – EN HAI FØLGER BÅTEN

12 Mai

Ein norsk båt er på veg frå Spania til Amerika, med få passasjerar om bord. Passasjerane er alle interesserte i å kome seg vekk frå krigen i Spania, og mannskapet kjenner ikkje altfor godt til passasjerane. Vel ut på havet, viser det seg at blant dei få passasjerane, finnest ein mordar.

(1939)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein norsk båt hjelp ei gruppe passasjerar flykte frå krigen i Spania. Passasjerane kjenner ikkje kvarandre, og mannskapet kjenner heller ikkje bakgrunnen deira. Når dei er ute i ope hav, vaknar ein drapsmann til liv på båten.

Karakterane – 7
Forteljaren Dyre Skaug er messegut ombord på Aina, som går frå Malaga til New York. I tillegg kjem me i kontakt med både mannskap og passasjerar ombord.

Miljøskildring – 8
Eit lukka-rom-mysterium, der miljøet stort sett er ombord på båten. Klaustrofobisk og lite, men likevel spennande.

Språket – 8
Ikkje så aller verst med tanke på alderen.

Starten – 8
Premissa for historia vert sett ganske fort, så er det rett til havs.

Sidesnuing – 7
Spenningsnivået går i bølger, men til tider er det veldig spennande.

Tempo – 8
For ei bok frå 1939, så held denne veldig bra tempo. Det er mange bøker som har vorte skrive på denne sida av millenniumskiftet som er langt treigare enn dette.

Forutsigbarheit – 7
Å vere uforutsigbar i eit lukka rom mysterie, er ei krevjande oppgave, og i denne historia fungerer det vel berre heilt greit. Ikkje dei store bombene.

Den gode kjensla – 8
Ei god historie, spennande og ikkje så altfor seig. Ein av dei gamle «klassikarane» ein kan godt kan anbefale.

Avslutninga – 8
Kjem me i land til slutt? Innhaldsmessig er svaret ja, og slutten er fin, den.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: