Dette er fyrste boka i serien om Dan Sommerdahl.
Ei ung jente som jobbar som reinhaldar, vert funnen drept på kontoret til reklamebyrået til Sommerdahl, og han vert involvert, og interessert, i etteforskinga.
Det viser seg at kvinna ikkje skulle ha jobba der, og at arbeidsgivaren ikkje veit kven ho er.
(2007)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei ung kvinne, som jobbar svart for eit av byens vaskebyrå, vert kvalt medan ho reingjer reklamebyrået til der Dan Sommerdahl jobbar.
Karakterane – 7
Hovudpersonane er Dan Sommerdahl, reklamemann og detektivspire, samt politietterforskar Flemming Torp. Ikkje veldig originalt eller minneverdig, men heilt greit.
Miljøskildring – 6
Me er framleis den fiktive byen Christianssund, på Sjælland ein stad. Ein vil gjerne sjå for seg ein haug med tradisjonelle danske klisjear, men miljøskildringane er såpass overfladiske at dette kunne vore kvar som helst i Europa.
Språket – 7
Relativt lettlest, men snublar litt her og der.
Starten – 8
Her går me smidig inn i handlinga, før all etableringa er unnagjort.
Sidesnuing – 8
Det er mange forskjellige historier som dukkar opp her, og viklar seg inn i kvarandre, så spenninga held seg på eit visst nivå heile vegen.
Tempo – 7
Det går ikkje altfor fort i svingane, og av og til lid nok fortellinga litt under det.
Forutsigbarheit – 8
Det dukkar opp nye element, og det er fleire parallelle historier som blir tvinna inn i kvarandre, og det er stadig overraskingar.
Den gode kjensla – 7
Det er mykje bra her, men til tider litt for overfladisk, og ein kjem liksom ikkje heilt inn under huda på hovudpersonane. Men god underhalding likevel.
Avslutninga – 8
Det er ein del trådar som skal samlast til slutt her, og det gjer forfattaren bedre enn mange andre.
TOTAL: 7,4