RSS

Stein Riverton – DJEVELEN KJEDER SEG

24 Mai

Bok nummer 103 frå Stein Riverton/Sven Elvestad.

Den kjente industrimannen Stefan Brede trekk seg tilbake frå sine stillingar, og tek toget til København for å gjere noko anna. Der hamnar han i eit drama på ein nattklubb, saman med ein amerikanar han nyst har møtt. Dramaet endar med at Brede vert pressa for pengar, og før me veit ordet av det er han på vei til Napoli, saman med nye bekjentskap frå København, der dramaet held fram

(1929)

Vurdering:

Plottet – 6
Eit utpressingsdrama som startar med eit ran i København, og endar med eit kjendisdødsfall i Napoli.

Karakterane – 7
Stefan Brede og hans våpendragar Enevold Rist er hovudpersonane, saman med eit lappeteppe av eksotiske kjeltringar, utan at nokon av dei gnistrar.

Miljøskildring – 7
Framstillinga av Italiakysten er nok det miljøet som står mest ut.

Språket – 7
Til å vere nesten hundre år gammalt, er språket overraskande moderne.

Starten – 7
Handlinga er raskt i gong, sjølv om spenninga lar vente på seg.

Sidesnuing – 6
Sjølv om det er få dødpunkt i boka, så er det også langt mellom dei spennande høgdepunkta.

Tempo – 8
Som nevnt er boka frå seint 20-tal, men det morderne språket, og fråveret av unødvendige omvegar, gjer at drivet er bra frå starten av.

Forutsigbarheit – 7
Igjen, ikkje så lett å sjå kva som ventar rundt neste sving, men heller ikkje så mange spenstige vriar og vendingar.

Den gode kjensla – 6
Ei heilt grei bok. Plussa er meir i språk og forteljing, og ikkje i inngald. Virkar litt uinspirert og kjedelig. Langt frå Stein Riverton si beste bok.

Avslutninga – 6
Samme hjerterytme som resten av boka.

TOTAL: 6,7

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: