Ei kransekake der nokon har ete dei øvste ringane
Odinn tek over ei sak der påstander om overgrep på ein barneheim på 70-talet skal undersøkast. Forgjengaren hans, Roberta, døde av hjerteinfarkt før ho vart ferdig, og det er vanskeleg å sette seg inn i det ho har jobba med.
Parallelt med dette byrjar Odinn å sjå på detaljane rundt dødsfallet til ekskona, som ramla ut av vindauget i si eiga leiliheit, og lot Odinn site igjen med eineansvaret for dottera Run.
(2014)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein saksbehandlar får i oppgave å finne ut om det skjedde overgrep på ein barneheim på Island på 70-talet. Samstundes byrjar han nøste i detaljane rundt dødsfallet til ekskona.
Karakterane – 8
Sigurdardottir har som vanleg sterke og gode karakterar, som ein føler ein vert godt kjent med.
Miljøskildring – 8
Stemningsfullt og mørkt rundt barneheimen, kanskje enda dystrare frå notida.
Språket – 9
Som vanleg lettlest og bra.
Starten – 8
Eit kjapt frampeik mot slutten set deg i rett stemning frå side 1.
Sidesnuing – 8
Til tider veldig vanskeleg å legge frå seg.
Tempo – 8
Bra driv, med to historier samstundes, vert det sjelden roleg. I alle fall når me er eit stykke ute i boka.
Forutsigbarheit – 7
Kanskje litt skuffande få overraskingar, men eit par stykker er der.
Den gode kjensla – 7
Ei god bok, men ein sit med ei kjensle av at ein ville hatt litt meir. Det er eit eller anna som manglar.
Avslutninga – 8
Veldig bra.
TOTAL: 7,8