RSS

Michel Bussi – ETTER STYRTEN

12 Aug

Ein umiddelbar favoritt

Eit ubeskrive blad for min del, men ein svært positiv overraskelse.

Etter ein tragisk flystyrt i alpane på 80-talet, er det berre ein einaste overlevande; eit lite spedbarn.

Når bestefaren kjem til sjukehuset for å hente henne, dukkar det opp nok ein bestefar, som også hadde eit barnebarn på flyet. Utan nokon kjenneteikn på nokon av dei to babyane, vert det ei vanskeleg sak for retten å bestemme kven som faktisk er den rette familia.

Den eine bestemora hyrer på detektiven Credule Grand-Duc, og gir han inntil barnet fyller 18 på å finne ut kven ho eigentleg er.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei tre månader gammal jente er einaste overlevande av 169 passasjerar, men ingen veit kven ho er. Det var to familier som hadde ein baby på denne alderen på flyet, og besteforeldre til begge disse to meiner at ho er deira barnebarn.

Karakterane – 8
Detektiven Grand-Duc har brukt 18 år på å finne ut av saka, og no har han overlatt dagboka si, med alle resultata til Lylie, som nettopp har fylt 18. Ho overlet den til sin bror, Marc, og det er disse 3 me fyl tettast i historia.

Miljøskildring – 8
Fine skildringar frå både 80-talet rundt flystyten og notid (1998).

Språket – 9
Flyt bra, lettlest og fint.

Starten – 9
Ikkje noko gange rundt grauten. Her er det action frå starten av.

Sidesnuing – 8
Krysninga av historiene til detektiven den gongen og dagboka i dag gjer at det sjeldan er ein kjedelig augenblink i boka.

Tempo – 8
Det er bra driv heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Fleire bråe vendingar heile vegen, og forfattaren dreg det eine esset etter det andre opp av ermet.

Den gode kjensla – 9
Ei spennande og frisk bok. Herlig med ein «ny» forfattar som leverer såpass bra. Fine skildringar, god stemning og masse spenning.

Avslutninga – 9
Du kjem ikkje til å verte skuffa.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: