RSS

David Baldacci – FRELS OSS FRA DET ONDE

22 Sep

Samlebandsthriller

Agenten Shaw er i Frankrike for å stoppe den mystiske Evan Waller: Ein mann som har gjort seg svært rik på kriminalitet, men som no har vorte for farleg, og må stoppast.

Men Shaw er ikkje den einaste som er ute etter Waller, og dei to agentane står i fare for å gå i vegen for kvarandre i jakta.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 8
To agentar er på jakt etter den kriminelle storhaien Evan Waller, og dei to har kvar sin grunn for å jakte på han. Men dei kjenner ikkje til at den andre er på jakt etter same mann, og i ein liten landsby i Frankrike vert det problemer.

Karakterane – 8
Eit rikt og spennande galleri, med grupperingar rundt både Shaw og den andre agenten, Reggie Campion. I tillegg er Evan Waller den klassiske «ondast i verda»-figuren, med sine hjelparar.

Miljøskildring – 8
Grundig og solide skildringar frå både Frankrike og Canada.

Språket – 9
Straumlinjeforma.

Starten – 9
Rett på sak, i skikkelig god thriller-stil.

Sidesnuing – 8
Her er det spenning stort sett heile vegen. Nokre runder i historia er kanskje litt lange, og går rundt litt omvegar, men til å vere ei såpass omfattande historie, så er det svært få kjedelige punkt.

Tempo – 8
Det er lang og, som nevnt, omfattande historie, så tempoet er ikkje heilt på topp heile vegen, men igjen; det er sjeldan kjedelig.

Forutsigbarheit – 7
Spenninga held seg stort sett gjennom heile boka. Kva og kven er ikkje hovudfokuset her, og den åpenbare løypa er kanskje den største svakheita i boka.

Den gode kjensla – 8
Ei god bok, men ein klarer ikkje heilt å riste av seg kjensla av ein klassisk thriller-mal, litt i Hollywood-gata. Men likevel spennande og actionfylt.

Avslutninga – 7
Det må, utan å avsløre for mykje, vere lov å seie at ein kanskje hadde håpa litt meir her.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/09/2017 in agent, baldacci, canada, frankrike

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: