RSS

Lisa Gardner – FRYKTLØS

22 Okt

Litt for langt unna

Etterforskar D.D. Warren får psykologhjelp etter å ha vorte overfalt. Det viser seg at psykologen, Adeline Glen, er dotter til ein massemordar, som har klart å skape seg eit liv på trass av skuggen av sin far. Søstera hennar, Shana Day, derimot, sit i fengsel for fleire drap.

Men når den såkalla Rosemordaren byrjar herje, tilbyr Shana seg å hjelpe D.D. med å fakke han. Og det hastar, for mordaren har sett seg ut sitt neste offer, som han allereie har overfalt ein gong; D.D. Warren.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 7
Jakta på ein massemordar, ein person etterforskar D.D. Warren har sett, men ikkje kan hugse, og eit tilbod om hjelp frå uventa hald.

Karakterane – 7
Ein detektiv med hukommelsestap, ein psykolog som ikkje kan kjenne smerte, og ei søster som drap sitt fyrste offer som 14-åring. Spenstig gjeng,

Miljøskildring – 7

Språket – 7
Ganske lettlest, men ikkje heilt på høgde med dei beste.

Starten – 7

Sidesnuing – 6
Boka har sine spenningsøyeblikk, men det er dessverre litt langt mellom dei.

Tempo – 7
Det er ein heil del lange, seige strekk, både rundt Adeline og D.D.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Denne boka får liksom aldri heilt tak. Ein vert sitjande og vente forgjeves på fart, spenning eller overraskingar.

Avslutninga – 8
Den absolutt sterkaste delen.

TOTAL: 7,0

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: