RSS

Arnaldur Indridason – SKUMRING

03 Nov

Timevis med solid underhaldning

Ein omreisande selgar vert funnen drept i ei leiliheit i Reykjavik. Det er midt under krigen, og nokon har teikna eit hakekors i panna på offeret, som viser seg har ein tysk far.

Drap er forholdsvis nytt i Reykjavik på denne tida (40-talet) og den einaste drapsetterforskaren dei har, er unge Flovent. Sidan saka fort kan ha forgreiningar til alle soldatane som bor på øya, får han med seg den islandsk/canadiske Thorson, som jobbar for militærpolitiet.

Etterforskinga fører dei to (også kjent frå den forrige boka; Skuggasund) gjennom ei rekke miljø, både i og utanfor hovudstaden.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein mann vert funnen død. Han var omreisande selgar, og det viser seg vanskeleg å finne nokon som verkeleg veit noko om han. Men mannen er halvt tysk, Island har nettopp vorte involvert i andre verdenskrig, og offeret har eit hakekors malt i panna.

Karakterane – 9
Som alltid; breidt og sterk persongalleri, der fleire enn hovudpersonane får stå fram med sine sterke historier.

Miljøskildring – 9
Stemningsfullt og oppslukande

Språket – 9
Ikkje noko å utsette. Som Skuggasund, så er den oversett av Silje Beite Løken, som må vere ein av våre beste spenningsoversetjarar.

Starten – 8
Det er langt frå nokon actionprega start, og det tek litt tid før ein får maskineriet i gong, med oppstart av bakgrunnsinformasjon og bihistorier.

Sidesnuing – 8
Det er kanskje mangel på cliffhangerar (manglar fortsatt eit godt nynorsk ord for dette), men spenninga er ei litt anna her. Sakte, men sikkert bygger den seg opp, og mot slutten vil du berre lese til dei finn løysinga.

Tempo – 7
Ting skjer i eit litt meir bedagelig tempo i denne serien, med mykje historie og detaljar. Til tider går det kanskje litt i saktaste laget.

Forutsigbarheit – 9
Det manglar ikkje på overraskingar og vendingar utover i historia. Teoriar vert presenterte og nokre avkrefta, utan at det blir noko kjedelig mønster av det.

Den gode kjensla – 9
Dette er ei bok du trygt kan ta med på påskefjellet eller på juleferie. Perfekt når du har ein heil kveld å sette av.

Avslutninga – 8
Spenninga held seg.

TOTAL: 8,3

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: