RSS

Max Mauser – RITTET FRA OLESKO

11 Nov

Uhyggelig kunstoppgjer

Mot slutten av fyrste verdenskrig rir ein flokk soldatar gjennom Aust-Europa, på veg tilbake frå austfronten. Med seg har dei «Den blå Madonna», eit heilagt bilde dei som gruppe gjer alt for å beskytte.

Fleire år seinare dukkar Madonnaen opp i Villa Hasselbakken i Oslo, og dei gamle rytterande dukkar opp ein etter ein for å gjere krav på det.

(1935)

Vurdering:

Plottet – 7
Eit slags brorskap sett seg fore å berge eit heilagt maleri, og 20 år seinare møtes dei for å gjere opp om kven som skal ha det.

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8
Skummelt og uhyggelig, både i Aust-Europa og seinare i Oslo.

Språket – 8
Ein del kunstneriske utbroderingar, rikt og detaljert, men likevel ikkje så aller verst, reint lesevennlig.

Starten – 8
Det er mykje action frå fyrste side.

Sidesnuing – 7
Boka går frå å vere eit krigsdrama i fyrste del, og deretter til å verte meir ei detektivhistorie i andre del (i Oslo). Det meste av action er i starten, men spenninga kjem meir mot slutten.

Tempo – 7
Sjølv om det er action, så er det ikkje all verda av tempo.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 8
Ein gammal klassikar som har kome ut på nytt dei seinare åra. Litt tung lesing til tider, men skikkelig gode radioteatervibber, spesielt i andre del.

Avslutninga – 8
Den mørke spenninga bygger seg opp heilt til slutt.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: