RSS

Øvre Richter Frich – DE KNYTTEDE NEVER

23 Nov

Ein norsk Jason Bourne

Legen og meistertjuven Jonas Fjeld og hans kompanjong, den finske dvergen Ilmari Erko, som er både oppfinnar og geni (har laga eit metall som er sterkare enn stål og eit sprengstoff som er lyd- og lyslaust), utfører eit perfekt bankran i Christiania, og får med seg nesten ein halv million kroner i diverse valuta.

Politiet har inga aning om kven som har gjort det, men det har derimot ei rekke internasjonale forbrytarstorheiter; argentinaren Mario Heredia, franskmannen Francois Delma og den nederlandske muskelmannen Jaap van Huysman. Og disse kjem alle til Christiania for å få sin del av pengane, og også å få tak i geniet Erko.

Det vert ei katt- og musjakt som startar i Christiania og når sitt klimaks ein stad på Bergensbana.

(1911)

Vurdering:

Plottet – 7
Eit perfekt ran, så og seie umulig for politiet å løyse, vert oppdaga av ein internasjonal forbrytarbande, som kjem til Christiania for å få sin del av byttet, samt tenestene til geniet bak.

Karakterane – 8
Veldig tydelege og klare karakterar. Geniet, legen som er ei kriminell mesterhjerne på fritida, muskelmannen, den franske forbrytarkongen etc.

Miljøskildring – 8
Veldig retro stemning både i Christiania og under dramaet på toget. 

Språket – 8
Dei 106 åra som har gått har ikkje satt altfor store spor. Bra flyt, og bedre driv enn i mange nyare krimhistorier.

Starten – 8
Me går rett inn i det store bankranet til Fjeld og Erko.

Sidesnuing – 7
Det er spennande, men held kanskje ikkje heilt dagens standard, sjølv om det er lett å skjøne at dette må ha vore noko heilt nytt i 1911.

Tempo – 8
Veldig bra. Bra driv stort sett heile vegen. Ei kjærleikshistorie på sida dreg ikkje ned tempoet for mykje, og det er jamn framdrift.

Forutsigbarheit – 8
Det er fleire overraskingar både for lesar og hovudpersonane.

Den gode kjensla – 8
Ei veldig god, gammal bok. Det er litt James Bond over det, og ein får nok aldri den store nerven inn, men tipper denne kan kome langt opp på ei toppliste over krimbøker frå dei to fyrste tiåara på 1900-talet. Retro og fin stemning, ei klassisk påskefjellbok.

Avslutninga – 7
Avslutninga peikar framover mot neste bok.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 

Stikkord:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: