Litt tamt drama på godset
Asbjørn Krag må ordne opp i eit trekantdrama, når Rittmester Rye innleiar eit forhold til Dagny, dottera til hans gode venn Oberst Holgers (Det blir ikkje meir radioteater enn disse navna her).
Så ein dag får plutselig ikkje Rye lov til å besøke Dagny igjen, og kort tid etter vert obersten slått ned, og Rye vert hovudmistenkt.
Då er det dags for Krag å kome inn og legge korta på bordet.
(1913)
Vurdering:
Plottet – 8
Fleire hendelsar, blant anna at oberst Anders Holger vert slått ned utanfor sitt eige gods, gjer at Rittmester Rye, som kurtiserer dottera til Holger, vert mistenkt.
Karakterane – 8
Er det lov å seie klassiske radioteaterkarakterar? Eit par av dei er rett nok ganske like, og litt vanskeleg å skilje frå kvarandre, men ei fin blanding av mistenkelege, snille og skumle typer.
Miljøskildring – 8
Forfattaren er god på å fange essensen i tida, og heile historia har eit klassisk og tiltrekkande preg, for den som liker gamle krimhistorier.
Språket – 7
Det er frå ei anna tid, og til tider er det ganske tungt, men stort sett er det heilt greit.
Starten – 7
Det tek litt tid før me kjem i gong med den spennande biten.
Sidesnuing – 7
Samanlikna med dagens sidesnuarar, kjem nok denne litt til kort. Det er spennande, men du kan god legge ned boka og ta deg ein tur ut i snøen.
Tempo – 6
Ei roleg og bedagelig forteljing.
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Du får den gode, gamle radioteaterkjensla, men det vert nok litt i langdrygaste laget.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,2