RSS

Arthur Omre – SMUGLERE

22 Mar

Ein litt skuffande klassikar

Ein Oslo-arkitekt er i beit for arbeid, og får tilbod om å smugle litt sprit under forbodstida. Det viser seg at det er lønnsomt, og det er mulig å trappe opp bedrifta litt. Pengane kjem lett, men med dei kjem også politiet nærare, og turane nedover Oslofjorden vert farlegare og farlegare.

Norske krimforfattarar kåra denne i 2017 til tidenes femte beste norske krim, men er ikkje heilt sikker på om den kjem like høgt på mi liste.

(1935)

Vurdering:

Plottet – 7
Hovudpersonen, ein arkitekt i beit for jobb, byrjar i det små å smugle brennevin langs Oslofjorden. Det viser seg å vere lettjente pengar, men etter som pengane renn inn, byrjar også farane. Konkurrentar vil virksomheita til livs, tystarar vil angi dei og politiet jaktar dei sjølvsagt.

Karakterane – 7
Ikkje så mange, men vår venn arkitekten, hans venninne og hans gamle venn Hugo, som har båt.

Miljøskildring – 8
Mørkt og litt tungt; hovudpersonen som prøver å bygge seg opp i Oslo, etter fleire smellar.

Språket – 9
Gammaldags i stilen, men likevel formidlar det både stemning og miljø veldig bra.

Starten – 7
Det vert bedre.

Sidesnuing – 7
Ikkje ein klassisk sidesnuar, men til tider ganske spennande.

Tempo – 6
Det går litt sakte, lange utbroderingar rundt dei fleste hendelsane.

Forutsigbarheit – 7
Ein del tvister og vendinger er det, men ikkje noko å få bakoversveis av.

Den gode kjensla – 8
Stemninga og språket er nok det beste, historia er grei, men ikkje heilt topp. Det at Omre sjølv sat ein del i fengsel, før han skreiv boka, gjer også at den får eit litt spesielt preg.

Avslutninga – 7
Det flatar litt ut, og manglar fyrverkeri.

TOTAL: 7,3

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/03/2018 in 30-talet, arkitekt, norge, omre, oslo, smugling

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: