RSS

Paul Sussman – TEMPELETS HEMMELIGHET

13 Apr

Mysterier og gamle sår i Midtausten

Ein nederlandsk mann vert funnet død i eit utgravingsområde nær Luxor, og etterforsker Yusuf Khalifa skal nøste opp i det som ser ut som eit enkelt dødsfall, men fleire av tinga han finn ut om den døde, minner han veldig om eit tidlegare drap han jobba med.

Samtidig får ein palestinsk journalist brev med koder, som fører henne tilbake til Frankrike under andre verdskrigen. Sleng på ein israelske sorgtynga og alkoholisert politimann også, så har du ei massiv forteljing.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 8
Oppklaringa av eit ikkje-mistenkeleg dødsfall får etterforskar Yusuf Khalifa til å tenke på drapet på ei israelsk kvinne for nokre år sidan. Drapsmannen vart teken, men Khalifa har alltid tenkt at det var noko som skurra den gongen.

Karakterane – 8
Leyla Al-Madani, Yusuf Khalifa og Arieh Ben Roi er tre fine og sterke karakterar, som får følge av fleire spennande bikarakterar.

Miljøskildring – 8

Språket – 9
Ei omfattande bok, men det glir ganske greit. Lettlest, sjølv om Sussman går djupt inn i alle delar av historia.

Starten – 7
Det tek litt tid å kome i gong, men det er verdt ventinga.

Sidesnuing – 8
Med fleire parallelle historier er det høgt spenningsnivå på mange frontar til ei kvar tid.

Tempo – 8
Det er mykje detaljar og forhistorie som skal forteljast, men det er likevel bra framdrift i historia.

Forutsigbarheit – 7
Ein del overraskingar, men kanskje litt for lett å sjå kva som ventar rundt neste sving?

Den gode kjensla – 8
Ikkje lett å verte heilt klok. På den eine sida er boka omfattande, spennande og full av godbitar. Men på ei anna side sit ein med ei kjensle av at ting flyt litt for lett, og det ber litt preg av ein masseprodusert thriller som kjem rett i pocket. Men eg trur eg landar på den fyrste sida, og har lyst til å sjekke ut dei andre bøkene i serien.

Avslutninga – 8
Actionfull.

TOTAL: 7,9

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: