RSS

Jo Nesbø – MACBETH

17 Apr

Tjukk, skotsk skodde

Det er maktkamp i ein fiktiv by i Skottland. Politimesterstolen er ledig, og det er fleire som vil ha den plassen. Andre har kanskje ikkje tenkt at dei vil ha den, men vert overbevist av sterke krefter i kulissene. I sentrum står barndomskompisane MacBeth og Duff.

Historia er kjend, men i ny innpakning, og det fungerer veldig bra.

(2018)

Vurdering:

Plottet – 8
Politimesterstolen vert ledig, og den midlertidige Duncan plukkar ut eit team som skal snu korrupsjonstrenden som har herja byen under den forrige politimesteren. Men det er fleire som kan ha interesse for jobben.

Karakterane – 8
Eit breidt og interessant ensemble, og god tid til å kome under huda på fleire av dei.

Miljøskildring – 8
Gjennomført mørkt og dystopisk.

Språket – 9
Litt tyngre enn i Harry Hole-bøkene, men framleis lettlest og greit.

Starten – 8
Fengande frå fyrste side.

Sidesnuing – 7
Kanskje ikkje tvistar og vendingar slik ein kjenner det frå Harry Hole-serien, og litt lange drag til tider.

Tempo – 8
Det skjer ein del, men ofte litt sakte og omstendig.

Forutsigbarheit – 7
Om ein kjenner historia om MacBeth, ligg det litt i korta kvar me skal hen her, men likevel klarer ein å halde spenningsnivået oppe.

Den gode kjensla – 7
Alt i alt sit ein igjen med ei kjensle av ei litt tung bok, som kanskje er litt for lang. Det mørke samfunnet som vert skildra gjer ikkje akkurat opplevinga lysare.

Avslutninga – 8
Den er fin den.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/04/2018 in nesbø, noir, politi, skottland

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: