Spennande og truverdig ny kjenning
Journalist Tom Moen frå NRK hamnar i klammeri med loven, og men for å unngå straff, kan han «velge» å gjere eit oppdrag for spesialeininga SORG i Bø i Telemark. Som journalist med erfaring med droner, skal han overvake ei potensiell terrorgruppe. Ein jobb der han skal halde lav profil i ein roleg tettstad, men allereie fyrste kvelden skjer det ting som ikkje skal skje.
Eit spennande nytt namn i den norske krim-familia.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein tek-journalist vert plassert i Bø, under dekka av å vere sommarvikar, for å overvake ei potensiell terror-celle.
Karakterane – 7
Det er alltid mykje etablering når alle karakterar skal presenterast for fyrste gong, men både hovudperson Tom Moen, fleire av Bøværingane og kontaktpersonen i SORG er spennande bekjentskap. Dei er kanskje litt lette foreløpig, men disse kjem til å vekse når dei får eit par bøker på ryggen.
Miljøskildring – 8
Stemningsfull skildring av tettstad-Noreg, og truverdig lokal-journalistmiljø.
Språket – 8
Lettlest og fint, bakgrunnsinformasjon vert sydd fint inn, utan at historia stoppar opp.
Starten – 8
Etablering til tross, det er bra driv heilt frå starten av.
Sidesnuing – 7
Tempo – 8
Det er bra driv heile vegen, og knapt eit einaste dødpunkt i historia.
Forutsigbarheit – 8
Mot slutten er det fleire passasjer med svært høg spenning, og eit par overraskingar.
Den gode kjensla – 7
Ei spennande bok, som løfter seg i andre halvdel. God start, men både meir tempo og meir spennande vriar etter kvart. Skulle gjerne kome litt meir inn på hovudpersonen, men det ligg nok litt i korta at det kjem til å kome fleire bøker om Tom Moen.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5