RSS

Olivier Truc – VARGSUNDET

16 Mai

Fransk forfattar busett i Stockholm skriv om Finnmark

Ein svært omfattande krim om djupvatndykking, oljeindustri og reindrift i Finnmark.

Ein reindriftsame vert drept under reinflyttinga, og like etter vert ordføraren funnen død på samme stad. Etterforskinga peikar i retning den internasjonale oljeindustrien som har etablert seg i Hammerfest.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein ung reinsame vert funnen død etter ei stor reinflytting over Vargsundet. Like etter vert ordføraren i byen funnen drept i samme område. Dei to reinpolitifolka Klemet Nango og Nina Nansen får jobben med å etterforske.

Karakterane – 8
Eit breidt galleri med spennande typer. Både reindriftpolitiet, dykkaren Nils Sormi, den lokale småkjeltringen og eigedomsmannen Markko Tikkanen med fleire. Problemet dette etter kvart bikkar over i, er at det vert vanskelig å vite kven av disse me skal følge. Men får kome på under eit anna punkt.

Miljøskildring – 8
Som regel er det ein del latterpunkt når ein utanlandsk forfattar legg handlinga til Noreg, men her malar Truc eit imponerande bilde av Finnmark.

Språket – 7
Det går litt treigt og langsomt.

Starten – 6
Altfor mykje etablering i starten. Ei vanleg krimbok ville vere slutt der handlinga byrjar å ta seg opp i denne.

Sidesnuing – 6
Boka er massiv, og full av handling og trådar, men likevel ikkje så spennande.

Tempo – 6
Det går for sakte og er for mykje å bite over. Alle dei forskjellige karakterane som skal fortelje sine historier, tek altfor lang tid, og me mister tråden stadig vekk.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Boka prøver å bite over alt for mange historier og for mange retninger, og det er vanskeleg å hugse kva sak me eigentleg følger. Enormt karaktergalleri og alle har sine eigne historier. Føles altfor langt og litt kjedelig.

Avslutninga – 6
Her er det også litt å gå på.

TOTAL: 6,7

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: