RSS

Peter May – LEWISMANNEN

20 Mai

Den vanskelege oppfølgaren

Eit svært godt bevart lik vert funne i myrane på Isle of Lewis, og ting tyder på at det har ligge der ei stund. Fin Macleod har sagt opp politijobben i Edinburgh, og flytta heim, etter handlinga i Svarthuset. Han vil pusse opp ruinane av huset etter foreldra, men vert heller dregen inn i saka med torvliket. Det viser seg nemleg at liket kan ha ein forbindelse med faren til Marsaili, barndomskjærasten til Fin.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Fin Macleod hjelper gamlekjærasten med å finne ut korleis far hennar er knytt til eit gammalt lik som vert funne i torvmyrane. Leitinga fører dei tilbake i tid, til hemmeligheiter som aldri var meint å sjå dagens lys.

Karakterane – 9
Galleriet bygger vidarer på karakterane frå Svarthuset, og vert meir og meir solide.

Miljøskildring – 10
Som i den forrige boka, så er skildringa av dei forblåste øyene i ei klasse for seg; som nesten gjer at du har lyst til å flytte dit.

Språket – 9
Godt og lettlest språk, bra flyt og historiene frå notid og fortid driv oss fort framover.

Starten – 8
Starten kan kanskje få deg til å tru at dette er ei meir ordinær og rett-fram historie enn den faktisk er.

Sidesnuing – 9
Etter ein litt rolegare start, tek den seg kraftig opp, og dei siste 200 sidene les du i ei vend.

Tempo – 9
Det er få dødpunkt her. Masse innhald som vert fortalt utan at det går ut over tempoet.

Forutsigbarheit – 9
Eit par overraskingar du truleg ikkje ser komme.

Den gode kjensla – 9
Den forrige boka var ei av dei aller beste krimbøkene (av dei hittil 342 bøkene) eg har skrive om her. Denne er også god, men har eit par klare manglar i samanlikning med den forrige. Den føles litt mindre solid, sjølv om det er ei intrikat historie her også. Og så når den ikkje heilt opp på same hylle på spenningsskalaen.

Avslutninga – 8
Avslutninga var spennande nok, men virka litt rar, som om den eigentleg høyrer til ei anna bok enn den du akkurat har lest? Eller?

TOTAL: 8,8

Advertisements
 

One response to “Peter May – LEWISMANNEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: