RSS

Peter May – LEWISBRIKKENE

21 Mai

Lewistrilogien endar

Den tredje boka om Fin Macleod startar midt i ein storm, der Fin og barndomskameraten Whistler er ute i fjella på Lewis. Når stormen stilnar, har ein liten innsjø under dei forsvunne, og eit lite småfly har kome til syne der vatnet var.

Flyet viser seg å vere flyet til rockestjerna Roddy Mackenzie, som forsvann ute på havet 17 år tidlegare.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit fly som alle rekna med forsvann ein heilt annan stad, vert funnen i botnen på ein tom innsjø. Flyet ser ut til å vere uskadd på utsida, men levningane av piloten dei finn inne i flykroppen, er svært hardt skadd.

Karakterane – 9
Mange av dei har me vore innom tidlegare i trilogien, men igjen er det ein flokk med fine karakterar, som både har ei historie i notid, og i tilbakeblikka til ungdomstida.

Miljøskildring – 10
Heilt i særklasse.

Språket – 9
Lettlest, fengande og gir deg knapt nok pauser til å få i deg mat.

Starten – 9
Me går rett inn i ein av dei verste stormane på Lewis på lang tid.

Sidesnuing – 9
Som nevnt over, når me er i siget her, så er denne boka så godt som umulig å legge frå seg. Litt over 300 sider går kjapt i løpet av ein roleg pinsekveld.

Tempo – 9
Som i dei to forrige bøkene, Svarthuset og Lewismannen, så går handlinga føre seg både i notid, og i studietida til Fin og gjengen. Både på Stornoway og i Glasgow. Dette gjer boka stappa av historier og innhald, og det skjer stadig noko, enten no eller då.

Forutsigbarheit – 9
Som i dei to forrige bøkene, så er det gode overraskingar her.

Den gode kjensla – 9
Dette er igjen ei svært god bok, og vil nok plassere den mellom dei to fyrste. Den når ikkje heilt opp til Svarthuset, men nesten. Er solid, historietrådane heng godt saman, og forteljinga sluker deg opp.

Avslutninga – 9
Nok ei actionprega avslutning, og ei fin avrunding på trilogien.

TOTAL: 9,0

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: