RSS

Øvre Richter Frich – DE SORTE GRIBBER

25 Mai

Jonas Fjeld flyg igjen

Denne fjerde boka i serien startar med at ein stor folkefest på Karl Johan vert angripen av «de sorte gribber», dei svarte flya til den internasjonale anarkistrøyrsla.

Legen Jonas Fjeld er nok ein gong i kamp mot anarkistane som vil ta over Europa. Denne gongen er det sonen til Francois Delma, Jacques, og den tyske storskurken Josias Saimler som er motstandarane.

Dei svarte gribbane skaper uro over heile Europa, men heldigvis har den vesle finnen, Ilmari Erko, laga eit heilt fantastisk fly, som kan ta opp kampen.

Det seiast at dette skal vere ei av dei beste bøkene om Jonas Fjeld, men er ikkje heilt sikker på om det stemmer.

(1913)

Vurdering:

Plottet – 8
Flygande anarkistar angrip Karl Johan, og frykta sprer seg over heile Europa. Jonas Fjeld, Ilmari Erko og briten Ralph Burns må stoppe dei.

Karakterane – 8
Heltane er dei same som tidlegare, men med seg på laget får dei briten Burns, som vert skadd i Karl Johan-angepet. Noko overkarikerte i følge dagens mal, muligens.

Miljøskildring – 7
Me er stort sett i Oslo eller Tyskland, utan at det er miljøskildringar som står i fokus.

Språket – 7
Det glir ikkje heilt smertefritt, men er overraskande greit til å vere over 100 år gammalt.

Starten – 8
Det opnar med eit luftangrep på Karl Johan, så det er ikkje noko å seie på farta i starten.

Sidesnuing – 7
Litt langt mellom cliffhangerane.

Tempo – 7
Det er ganske grei driv i historia, men likevel går det litt sakte.

Forutsigbarheit – 7
Historia har sine vriar og vendingar, men i det store og heile er det ei ganske rett fram forteljing, som ikkje røsker deg opp av sofaen.

Den gode kjensla – 7
Det er ei bok med retrokjensle, men den er ganske lett og næraste som ei ungdomsbok å rekne i dag. Enkle løysingar, alt ordnar seg, ingenting vert alvorleg nok, sjølv om det er Karl Johan som vert bomba.

Avslutninga – 7
Utan dei heilt store overraskingane.

TOTAL: 7,3

 

800007AE-DA58-448F-AAE6E2BBE55E7EDA-B0226FF8-7F42-4F23-B62D0AD94CD01C5C

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: