RSS

Stein Riverton – JERNVOGNEN

02 Jun

109 år gammal eleganse

Ei spøkelses-jernvogn som rullar over slettene på Sørlandet, og kvar gong den vert høyrt, skjer det ei ulukke eller eit drap. Når eit nytt drap vert utført, kjem Asbjørn Krag til staden for å løyse mysteriet.

1909

Vurdering:

Plottet – 8
Ein lokal mann vert funnet drepen, og ein feriegjest (og forteljarstemma i boka) er truleg blant dei siste som har sett offeret. I bakgrunnen lurer sagnet om ei gammal jernvogn, som folk har høyrt, men ingen har sett.

Karakterane – 8
Asbjørn Krag er den klassiske helten, men forteljaren er også ein spennande figur, saman med eit dryss av lokale sjeler.

Miljøskildring – 8
Mørkt, stemningsfullt, litt i André Bjerke-gata.

Språket – 8
Det er slett ikkje så verst, med tanke på alderen. Har lest bøker med tyngre språk frå dei siste 10 åra.

Starten – 8
Kort og kontant historie, så her er det ikkje rom for så mykje anna enn å kome kjapt i gong med

Sidesnuing – 8
Bra driv, og få dødpunkt. Det er ikkje sånn at du ALDRI kan legge frå deg boka, men dette er ikkje så verst, altså.

Tempo – 8
Heilt grei driv heile vegen. Ikkje nokon fullblods action, men heller aldri kjedelig.

Forutsigbarheit – 9
Tipper denne boka var heilt i verdsklasse på uforutsigbarheit i si tid.

Den gode kjensla – 9
Den gode klassikarkjensla, i ei spennande og overraskande bok, som scorar svært høgt på ei kvar klassikarrangering.

Avslutninga – 9
Heilt i stil med kvaliteten i resten av boka.

TOTAL: 8,3

 

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: