RSS

Sofie Sarenbrant – VISNING

04 Jun

Svensk spenning som tek seg skikkelig opp

Grunna ei nært foreståande skilsmisse, er det visning i huset til familien Göransson. Morgonen etter vert faren i huset funnen drept i underetasjen. Det er dottera som finn han. Ingenting tyder på at det har vore innbrot, eller at andre enn den vesle jenta og dei to foreldra har vore inne i huset.

Det einaste som tyder på noko anna, er at den vesle jenta meiner at ein framand mann har vore inne på rommet hennar den samme natta.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert drepen i sitt eige hus, på eit gjesterom. Kona og dottera har sove i etasjen over, og finn han når dei prøver å snike seg lydlaust ut morgonen etter. Ingenting tyder på at det har vore nokon andre  i huset etter visninga dagen før, og mistanken fell raskt på kona.

Karakterane – 8
Kvardagslege og vanlege karakterar, skildra på ein spennande og bra måte. Forfattaren er svært god på å gi dei grå, litt kjedelige typane liv.

Miljøskildring – 8
Normativ forstadsidyll i Stockholm.

Språket – 9
Greit og lettlest, og etter kvart vert du trekt tilbake til boka, noko eg mistenker har meir med språket enn med sjølve historia å gjere. Oversatt av Henning J. Gundersen, eit nytt bekjentskap, og det funkar veldig bra det.

Starten – 7
Skal vere såpass ærleg at starten gjorde meg ganske sikker på at denne boka ikkje kom til å vere noko meir enn nok ei bok midt på det svenske krimtreet. Men det tek seg opp.

Sidesnuing – 8
Etter at starten er lagt bak oss, tek det seg veldig opp, og vert meir og meir spennande.

Tempo – 8
Tek seg også opp, utan at det vert nokon actionthriller. Sjeldan kjedelige strekk i andre halvdel.

Forutsigbarheit – 8
Det er jo ikkje så mange kandidatar å velge mellom, men likevel ganske vanskeleg å treffe heilt.

Den gode kjensla – 9
Ei bok som var overraskande god lesing, utan at eg heilt klarer å setje fingeren på kvifor. Ein litt svak start, men etter det vert den ganske altoppslukande, utan å skilje seg så altfor mykje frå mange andre liknande bøker.

Avslutninga – 8
Spenninga held seg heilt ut.

TOTAL: 8,1

 

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: