Heilt i norsktoppen
Gunder Joman er ungkar, og har knapt reist noko i heile sitt liv, då han får for seg å reise til India for å finne seg ei kone. Etter 14 dagar er han gift, og kona skal kome etter han tilbake til Norge. Men den dagen han skal hente henne, kjem systra hans ut for ei bilulykke, og hamnar i koma. Ein venn må hente henne, men han finn henne ikkje på flyplassen.
Dagen etter finn folk i den vesle bygda Elvestad eit svært skamfert lik i ein åker, og Konrad Sejer og Jakob Skarre vert sett på saka.
(2000)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein kvinne vert funnen død i ein åker i Elvestad, dagen etter at den indiske kona til Gunder Joman ikkje dukka opp som avtalt. Kven er ho, korleis kom ho seg dit, og kven har grunn til å ta livet av henne.
Karakterane – 9
Det er ikkje hovudpersonen som skin lysast her. Dei mange skjebnene rundt drapet, ektemannen Gunder, kroeigaren Einar, den unge treningsnarkomane Gøran, den forelska Linda, eller den omtenksomme systra, Marie.
Miljøskildring – 8
Stemningsfull bygdeidyll som vert broten brått i Elvestad.
Språket – 10
Lettlest, med god flyt.
Starten – 9
Etableringa er spennande og fengande, lenge før me kjem til forbrytelsen.
Sidesnuing – 9
Vert vanskeligare og vanskeligare å legge frå seg, til lenger du kjem. Kan ikkje be om mykje meir enn det.
Tempo – 9
Ikkje mange dødpunkt; effektivt og med bra driv, heile vegen.
Forutsigbarheit – 8
Galleriet er ganske begrensa, så det er ikkje langt unna eit «lukka rom»-mysterie, men forfattaren er likevel tilbakehalden med hinta. Eller?
Den gode kjensla – 9
Veldig god lesing. Fengande, spennande, trist og interessant på samme tid. Den føles akkurat passe omfattande, utan lause trådar, og den slår kjapt i hjel eit par sommarkveldar.
Avslutninga – 8
Solid og kanskje noko overraskande.
TOTAL: 8,7
2 responses to “Karin Fossum – ELSKEDE POONA”