RSS

Karin Fossum – SE DEG IKKE TILBAKE

21 Jun

Bygdehemmeligheiter

Tenåringen Annie Holland er godt likt av alle, og har passa alle ungane i nabolaget. Under ein leiteaksjon etter ein forsvunnen 6-åring i den rolege og kvardagslige bygda, vert Annie funnen drept og avkledd ved eit vatn.

Ingen i bygda ser ut til å ha noko i mot jenta, og etterforskinga blir ei lei nøtt for Sejer.

(1996)

Vurdering:

Plottet – 7
Politiet leitar etter ei ung jente som forsvann i slutten av forrige bok (uten at du treng å lese den for å henge med), og under leiteaksjonen finn dei ei 15 år gammal jente drept.

Karakterane – 8
Kvardagsmennesker som alle er tilsynelatande gråe og vanlege. Ingenting spesielt som skjer her i bygda. Men litt etter kvar viser det seg at fleire av dei ikkje er slik ein fyrst får inntrykk av. Kanskje kjem karakterane endå meir til sin rett her enn i forrige bok, Evas Øye. Dei er djupare, vanligare, men meir spesielle.

Miljøskildring – 8
Som i dei andre Sejer-bøkene; overbevisande grått og dagligdags kvardagsliv.

Språket – 8
Lettlest og fint, ikkje så mange omvegar. (Må nevne at denne var høyrt som lydbok, og opplesaren gjer kardinalsynda å lese ut dialektane. Har ALDRI høyrt det gjort med suksess, og også her gir det deg lyst til å legge frå deg boka.)

Starten – 8
Starten er midt i jakta på den 6 år gamle jenta, og glir rett over i funnet av den drepne Annie Holland. Spennande og bra driv.

Sidesnuing – 8
Jakta fenger veldig godt, og det vert meir og meir spennande utover.

Tempo – 8
Som i dei andre Sejer-bøkene, så er det greit tempo heile vegen. Det skjer ting, alt har meining, og det er sjeldan kjedelige transportetapper.

Forutsigbarheit – 7
Det utpeikar seg (som vanleg) tidleg eit par klare mistenkte, og spørsmålet er om Fossum er god nok til å narre oss denne gongen.

Den gode kjensla – 8
Ei god bok å ha på øyret, bortsett frå det med dialektane. Spennande, jamnt godt driv og fine karakter- og miljøskildringar.

Avslutninga – 7
Heilt på det jamne.

TOTAL: 7,7

 

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/06/2018 in fossum, landsbygda, norge, politi, sejer

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: