Gisseldrama i skauen
Ei eldre dame vert funnen brutalt drept på småbruket sitt, og eit ungt vitne har sett bygdas galning, Erkki Johrma, forlate staden.
Samstundes vert den lokale banken rana, og ranaren tek med seg eit gissel. Tilfeldigheitene vil at dette gisselet er Erkki, den gale drapsmannen.
Ei bok som skil seg litt frå dei to fyrste i Sejer-serien.
(1997)
Vurdering:
Plottet – 8
Enka Halldis Horn vert drept på garden sin, dagen før eit bankran i sentrum, der ranaren får med seg eit gissel. Gisselet viser seg å vere ein ustabil lokal mann som har vore inn og ut av instituasjonar, og som viser seg å vere den heitaste kandidaten som gjerningsmann i gardsdrapet.
Karakterane – 8
Mykje fokus på bankranaren Morgan og Erkki. Sejer og Skarre er litt i bakgrunnen denne gongen. Karakterane som vanleg spennande og overraskande, blant anna den matglade barneheimsguten Kannick.
Miljøskildring – 7
Litt som over; ganske sentrert miljø rundt gøymestaden til dei to på flukt etter bankranet. Greie skildringar, men kanskje litt smalt landskap.
Språket – 8
Ikkje så mykje å utsetje. Flyt fint, utan å skilje seg ut i noko spesiell retning.
Starten – 8
Bank-action og flukt, rett på dramatikken.
Sidesnuing – 7
Syns det blir litt tamt etter kvart. Spenninga frå dei to fyrste bøkene kjem aldri gjennom her.
Tempo – 7
Litt stilleståande med mykje venting for dei to på flukt. Vert litt mykje venting for oss som les også, dessverre.
Forutsigbarheit – 8
Fine vrier, men igjen ganske få involverte, så det er ikkje så mange mulige utgongar.
Den gode kjensla – 7
Litt skuffande etter to (tre med Elskede Poona) ganske spennande bøker. Den er ikkje dårleg, men står litt tilbake frå dei to fyrste.
Avslutninga – 7
Den held nivået til resten.
TOTAL: 7,5