RSS

Dan Brown – OPPRINNELSE

04 Jul

Vanskeleg å ikkje verte hekta

Dette er den femte boka om Robert Langdon, og sjølv om handlingsmønsteret byrjar å verte ganske kjent, så er det framleis svært spennande.

Ein av Langdon sine tidlegare elevar, no ein milliardær i IT-bransjen, skal halde eit foredrag som han lovar vil endre korleis verda ser på religion. Men sterke krefter vil helst ikkje at denne oppdagelsen skal kome ut, og prøver å stoppe fyrst oppdagaren, og deretter Langdon.

(2017)

Vurdering:

Plottet – 8
IT-milliardæren og framtidsforskaren Edmond Kirsch kallar inn til ein revolusjonerande presentasjon i Guggenheimmuseet i Bilbao. I forkant har han hatt eit møte med leiarane for dei tre store religionane, og skapt rabalder i den religiøse verda. Og det vert ikkje roligare når presentasjonen skal haldast.

Karakterane – 10
Svært gode, som vanleg, og også interessant med ein spennande AI-karakter.

Miljøskildring – 9
Brown teiknar bilete av Bilbao, Barcelona og ikkje minst inne i både grotter og katedralar, som få andre.

Språket – 9
God flyt, lettlest og det driv framover i stor fart.

Starten – 9
Action og spenning frå starten. Fleire spennande greiner tek kvar sine retningar, og gjer at nesten kvart avsnitt endar med ein cliffhanger. Når det er sagt, så lover starten SVÆRT mykje, som ein sit og lurer på om i det heile tatt kan innfriast.

Sidesnuing – 9

Tempo – 9
Raskt og fartsfylt, utan at det går utover djupda i historiene.

Forutsigbarheit – 8
At det går bra, veit en alltid, men her ligg det kanskje nokon litt for tydelege trådar i bakgrunnen, som gjer at ein veit kvar me skal.

Den gode kjensla – 8
Ei god og massiv spenningshistorie, sjølv om oppskrifta er kjent. Godt språk, få lause trådar. Ikkje så verst nøsta opp til slutt heller.

Avslutninga – 8
Føler denne er litt seig og litt forutsigbar, men for all del; underhaldande.

TOTAL: 8,7

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: