Krim i verdensklasse
I eit hus på Bygdøy, vert ein mann funnen død. Den gamle enka som bor i huset, er det ikkje spor etter. Etter kvart viser det seg at mannen dei har funne, vart erklært død for 20 år sidan.
Samtidig vert ein annan mann funnen død ein annan stad i Oslo, og det er eit tett band mellom dei to, og ein mann som framleis er i live.
Kan fort vere ei av dei beste norske krimbøkene eg har lest
(2016)
Vurdering:
Plottet – 9
To menn vert funne drepne med kort mellomrom på forskjellige stader i Oslo. Ein gammal, hemmeleg militæroperasjon er linken mellom dei to. Etterforskar Fredrik Beier har nettopp vakna etter eit mislukka sjølvmordsforsøk, og vert sendt rett ut i den kompliserte saka.
Karakterane – 9
Fin mix, med grundige og djupe bakgrunnshistorier som syr seg fint i hop, og til samanlikning med Wienerbrorskapet, så har dei kvinnelege karakterane litt meir å by på enn kropp denne gongen.
Miljøskildring – 8
Stemningsfullt og fint frå både Oslo og omegn, og grenseområda i Finnmark.
Språket – 10
Veldig lettlest og fartsfylt. Ting skjer heile vegen, og det heng så og sei aldri.
Starten – 9
Startar med eit actionfylt tilbakeblikk, og deretter er det rett inn i handlinga.
Sidesnuing – 9
Ikkje mykje å utsetje her. Ei bok som er svært vanskeleg å legge frå seg.
Tempo – 9
Spesielt i fyrste del, er det veldig bra driv, og ikkje ei stille stund nokon stad. Roar seg litt mot slutten.
Forutsigbarheit – 9
Stadig spennande overraskingar utover.
Den gode kjensla – 9
Halvvegs i boka tenkte eg at dette er den beste norske krimen eg har lese nokon gong. Dette står ikkje tilbake for Nesbø i det heile tatt. Det er eit par småting som skurrar litt i siste del av boka, men likevel er denne heilt i toppklasse, både norsk og internasjonalt.
Avslutninga – 8
Actionfylt og spennande. Nøstar fint opp i trådane, samstundes som den peikar framover mot ei tredje bok.
TOTAL: 8,9