RSS

Heine Bakkeid – JEG SKAL SAVNE DEG I MORGEN

28 Jul

Spennande nykomar

Ein tidlegare politimann har sona ein dom, og får ikkje returnere til tenesten. Etter at han vert lauslatt frå fengselet, vert  han kontakta av ei kvinne som vil han skal reise til Nord-Norge for å finne sonen hennar, som har forsvunne frå eit fyr der oppe.

På fyret opplever Thorkild Aske å sjå og oppleve uforklarlege ting, ting han meiner ikkje er ei følge av den tunge sjølvmedisineringa han driv med.

Boka ligg i eit krysningsland mellom Yrsa Sigurdardottir og Frode Granhus, og er både spennande og skummel.

(2016)

Vurdering:

Plottet – 8
Rasmus Moritzen har flytta til Nord-Norge for å pusse opp eit gammalt fyr, og gjere det til eit opplevingssenter, når han vert borte. Politiet trur han har drukna, men mora vil ikkje slå seg til ro med det, og betaler Thorkild Aske for å reise opp og finne svar. Men Aske er tungt medisinert, ein knekt mann som nettopp har kome ut frå fengsel, og har mista politijobben, og under ligg også ei dramatisk historie frå privatlivet, som sakte men sikkert vert avdekka.

Karakterane – 8
Aske er ein klassisk helt, medisinert meir enn alkoholisert, og kystbygda i nord byr også på eit spekter spennande personligheiter.

Miljøskildring – 8
Hardført, vått og kaldt på norskekysten. Levande fortalt.

Språket – 8
Bra driv og lettlest.

Starten – 8
Spennande frå starten av.

Sidesnuing – 8
Litt opp og ned. Spenninga tek ikkje heilt av, sjølv om nerven ligg der heile vegen.

Tempo – 8
Det er ganske bra driv, men nokre av tilbakeblikka luggar litt, då dei gir lite og ofte føles litt repetative. Ellers bra.

Forutsigbarheit – 8
Spenninga held seg ganske lenge. Mange mulige løysingar, og ikkje lett å sjå utgongen.

Den gode kjensla – 8
Ein lovande start, men det tek ikkje heilt av. Eit stykke frå det skumle nivået frå Yrsa, men spennande og god lesing.

Avslutninga – 8
Det kokar godt heilt til endes.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: