Drygt ventespel
To lokale ungdommar skaper uro i nabolaget, men ein kveld forsvinn den eine sporlaust. Den andre veit kva hus kameraten forsvann inn i, men tør ikkje gå til politiet. Inni i huset er eigaren i eit dilemma, og politiet står utan spor.
(1998)
Vurdering:
Plottet – 7
To urokråker plagar folk i nabolaget, men under eit heimeran går det gale. Den eine forsvinn inn i eit hus, og kjem aldri ut igjen. Den andre vågar ikkje gå inn, og veit ikkje kvar kompisen har blitt av.
Karakterane – 8
Slett ikkje verst, både Sejer, huseigaren og dei to pøblane er spennande typer.
Miljøskildring – 8
Fin småbystemning som vanleg i Sejer-serien.
Språket – 8
Lettlest og greit.
Starten – 8
Starten er fin, og det skjer litt, før det flatar litt ut.
Sidesnuing – 7
Det vert ganske stilleståande etterkvart, og litt for lite framdrift.
Tempo – 7
Som over. Startar bra, men dabbar litt av
Forutsigbarheit – 7
Som lesar ligg me litt framfor politiet her, og ventar på at dei skal nå oss igjen.
Den gode kjensla – 7
Av dei Sejer-historiene eg har lest hittil, er nok denne den svakaste.
Avslutninga – 7
Heilt ok.
TOTAL: 7,4