RSS

Paul Sussman – KAMBYSES TAPTE HÆR

15 Aug

Egyptisk koloss

Britiske Tara Mullray kjem til Egypt for å møte sin far, men ved ankomst er faren allereie død. Han har lagt igjen ei gave til dottera, eit slags bilete som ho ikkje har anelse om kva er.

I Luxor dukkar eit lik opp ved Nilen, og ein kunsthandlar vert drepen i Kairo. Yusuf Khalifa i Luxorpolitiet er den fyrste som byrjar sjå samanhengen mellom dei tre sakene, og saman med Tara prøver han å finne ut kva som har skjedd.

I bakgrunnen lurer historia om den persiske keisaren Kambyses sin hær, 50 000 mann som forsvann i den vestlege ørkenen.

(2002)

Vurdering:

Plottet – 8
Tara kjem til Egypt for å møte arkeologfaren sin, men finn ut at han har vorte drepen. Samstundes er det fleire mistenkelege dødsfall i same miljø, og Yusuf Khalifa prøver å nøste det saman.

Karakterane – 8
Ein spennande bukett, med Khalifa i spissen.

Miljøskildring – 9
Veldig bra fortalt og lett å la seg rive med.

Språket – 8
Bra driv, og forholdsvis lettlest til å vere ei såpass solid historie.

Starten – 7
Litt etablering, men det tek ikkje mange sidene før me er inne i handlinga.

Sidesnuing – 7
Det går litt opp og ned. Grundige beskrivelsar av dei fleste scenene gjer at det tek litt tid, og ein av og til skulle ønske å komme seg vidare litt kjappare.

Tempo – 7
Eit par gonger går det litt sakte, og historia er såpass omfattande at det vert mykje å få med seg, men stort sett er det spennande og høgt tempo.

Forutsigbarheit – 8
Mange fine vriar og overraskingar.

Den gode kjensla – 8
Historia er massiv, og det er spennande og eventyrleg, stort sett.

Avslutninga – 8
Dramatisk Hollywood-slutt

TOTAL: 7,8

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: