RSS

Paul Sussman – DEN TAPTE OASEN

25 Aug

Endå meir ørkeneventyr

Fjellklatraren Freya Hannen må ta den tunge turen frå USA til Egypt, der søstera Alex nyleg har teke sitt eige liv pga ein raskt forverrande sjukdom. Freya mistenker at nok ikkje stemmer, og mistankane vert styrka når ho landar i Egypt.

Som vanleg ligg det ei historie frå oldtida i bakgrunnen, og denne gongen er det 30 prestar, som rundt 2000 år før Kristus går ut i ørkenen med ein gjenstand, og tek kollektivt sjølvmord.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 8
Fyrst tek 30 prestar livet av seg, etter å ha gøymt ein gjenstand ein gong i oldtida. Så forsvinn eit fly på veg frå Albania til Sudan i 1986, med ein last som etter sigande kan øydelegge maktbalansen i Midtausten. Flyet har aldri vorte funne. Hopp fram til i dag, og forskaren Alex Hannen har ein uhelbredelig sjukdom som gjer at ho har teke sitt eige liv. Søstera Freya, ein erfaren fjellklatrar, trur ikkje på denne historia når ho flyg til Egypt for å delta i gravferda til Alex.

Karakterane – 8
Dette er den fyrste Sussman-boka utan Yusuf Khalifa, og ein saknar han kanskje litt. Men typane er spennande og varierte, dei.

Miljøskildring – 8
Solid Egypt-romantikk

Språket – 8
Lettlest og fint.

Starten – 8
Bra driv heilt frå dei fyrste sidene.

Sidesnuing – 7
Dei mange forskjellige historiene gjer at det stort sett alltid er noko å sjå fram til på neste side, men likevel tek ikkje boka skikkelig tak før heilt mot slutten.

Tempo – 8
Til tross for at det er ei omfattande forteljing, med mange parallelle historier, så er det framdrifta veldig bra. Sussman går djupt inn i alle delane av dei ulike historiene, men det skjer ting heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Litt usikker på om det er lett eller vanskeleg å gjette seg til kva som skjer her. Tenkte fyrst at det var litt for enkelt, men mulig eg tek feil.

Den gode kjensla – 7
Ei spennande og omfattande historie, men etter å ha lest to andre Sussmanbøker med handling frå ørkenen i Egypt, får ein litt samlebandskjensle, dessverre. Men frittståande sett er den spennande og underhaldande.

Avslutninga – 8
Rykande Hollywoodaction, i kjent Sussmanstil.

TOTAL: 7,8

 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/08/2018 tommar arkeolog, ørken, egypt, oldtid, sussman

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.