RSS

Hans Olav Lahlum – KATALYSATORMORDET

06 Okt

Lettbeint retrokrim frå vestkanten

Ein ung og tilsynelatande skremt jente spring etter trikken som Kolbjørn K2 Kristiansen sit på, og rekk den akkurat ikkje. Seinare vert ho funnen død i sporet, og K2 får saka. Han kontaktar som alltid den unge Patricia, lenka til rullestolen etter ei ulukke, og med ei av dei skarpaste hjernene i kongeriket.

Det viser seg at drapsofferet Marie Morgenstierne var ein del av ei gruppe unge radikalar, der leiaren deira, Falko Reinhardt, som også var kjæraste til Marie, forsvann sporlaust i Valdres nokre år tidlegare.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung kvinne vert drept, og det viser seg at ho var ein del av ei gruppe som har opplevd ein del kontroversar tidlegare.

Karakterane – 7
K2 og Patricia er fine, spenninga mellom dei to stig stadig, då Patricia tydeleg er hemmeleg forelska i partneren som absolutt ikkje ser dette. Spennande karakterar rundt gruppa til Falko Reinhardt også.

Miljøskildring – 8
Fin tidskoloritt og stemningfullt frå Oslo for rundt 50 år sidan.

Språket – 7
Det skal jo vere gammaldags i stilen, men kanskje litt i overkant. Men flyten er ganske bra, så det er ikkje altfor skjemmande.

Starten – 7
Her er det ganske rett på sak, med trikkedrapet heilt i byrjinga.

Sidesnuing – 8
Synes kanskje dette er den K2-boka så langt, der sidene har gått raskast unna. Spenninga tek seg opp utover.

Tempo – 7
I ein såpass gammal stil forventar ein ikkje at det skal gå så kjapt, og det gjer det heller ikkje. Men igjen, et er lettare å svelge temposvakheitene denne gongen, enn dei to foregåande.

Forutsigbarheit – 7
Litt av svakheita med å skrive i Agatha Christie si ånd, er at ein heile tida veit at dette kjem til å ordne seg. Men likevel klarer forfattaren å presse inn eit par overraskingar.

Den gode kjensla – 7
Ei svært stemningsfull og fin bok. To ting trekker ned; det eine er at den gamle stilen gjer at boka vert unødvendig seig, og det andre er at Patricia veit løysinga på dei fleste ting litt for enkelt, og ofte utan noko god forklaring.

Avslutninga – 8
Ein fin vri og litt action på tampen.

TOTAL: 6,9

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/10/2018 in 70-talet, lahlum, norge, oslo

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: