Galbraith blir bedre og bedre
Den tredje boka i serien om Cormoran Strike og Robin er nok den mest beste hittil, sjølv om den er proppa med sitat frå Blue Oyster Cult.
Robin får tilsendt ein pakke som inneheld eit bein frå ei død kvinne. Strike mistenker med ein gong at dette kan dreie seg om hemn frå ein han har kryssa spor med tidlegare.
Politiet får ein mistenkt i saka, men frå Strike si eiga liste over mulig mistenkte, er politiets mann nederst på lista.
Så då må dei to ordne opp sjølv.
(2015)
Vurdering:
Plottet – 8
Robin får tilsendt ein kroppsdel til kontoret, og Strike set umiddelbart opp ei liste med folk han mistenker kan ha sendt den. Politiet er på jakt etter den skuldige, men Strike meiner dei går etter feil mann, og må ordne opp sjølv.
Karakterane – 9
Gode, solide og underhaldande. Forholdet mellom Robin og Strike vert tettare, og forholdet mellom Robin og forloveden ber stadig meir preg av det.
Miljøskildring – 8
Språket – 10
Knallsterkt.
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 9
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Denne boka er meir komplett enn dei to foregåande, og også meir spennande.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,6