RSS

Hans Olav Lahlum – HAIMENNESKET

16 Mai

Lahlum si aller beste

For ti år sidan vart ein baby drept i vogga si på eit hotell på ei sørlandsøy. Dei to halvsøstrene hans skulle passe på han, men begge 16-åringane nekta for å ha noko med drapet å gjere, og den eine av tvillingane forsvann sporlaust rett etterpå. Litt seinare tok mor til barnet livet av seg.

K2 og Patricia har nettopp vorte kjærestar, og vert invitert ned til øya, fordi dei som var på hotellet den gongen har fått anonyme brev. I breva vert dei oppfordra til å kome tilbake til hotellet for å få vite sanninga.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 9
Ein baby vert drept i 1962, og etter ti år med tragedier, er K2 og Patricia tilbake for å finne ut kva som skjedde.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8
Flott og stemningsfullt. Dette er herlig tett opp mot Agatha Christie-stemning.

Språket – 7
Som vanleg er det litt gammaldags i stilen.

Starten – 7

Sidesnuing – 8

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 9
Eit lukka rom-mysterie av topp kvalitet. I mine auge er dette den absolutt beste K2-boka.

Avslutninga – 8

TOTAL: 6,9

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: