RSS

Georges Simenon – MAIGRET OG PETER FRA LATVIA

15 Jun

Maigret får beskjed via Interpol om at ein internasjonal svindlar er på veg til Paris. Maigret får eit glimt av ein som passar skildringa av mannen, i det han går av toget. Men før han får fulgt etter den mistenkte, vert han ropt inn på toget, der ein død mann vert funnen. Liket i kupeen passar også veldig godt til skildringa av «Peter frå Latvia».

Maigret finn mannen frå toget på eit hotell, der han har teke inn under eit anna namn. Etterforskinga av den døde fører Maigret til ein norsk mann som også stemmer til skildringa av Peter. Til slutt sit etterforskaren igjen med fire forskjellige identiterar som alle kan vere svindleren.

(1931)

Vurdering:

Plottet – 7
Jules Maigret får i oppgave å finne ein internasjonal storsvindlar som er på veg til Paris. Men å finne mannen med rett identitet viser seg å vere vanskeligare enn trudd.

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8
Simenon skildrer eit mørkt og tungt Paris.

Språket – 7
Litt tungt er det, men på lydbok, lest av Nils Ole Oftebro, så funker dette fint.

Starten – 7
Me går rett til actionen i starten her.

Sidesnuing – 7

Tempo – 6

Forutsigbarheit – 6
Ein aner nok ganske kjapt korleis historia ender, og det er ikkje så mange overraskande vendingar på vegen dit heller, sjølv om det er eit nett av falske identitetar ute og går.

Den gode kjensla – 8
Bra lest, til tider spennande og stemningsfullt. Ein god retrokrim.

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,0

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: