RSS

Monika N. Yndestad – GRAVEN

16 Jun

Interessant bekjentskap

15 år gamle Pia Espeland forsvinn sporlaust i Bergen i 1993. Rett før ho forsvinn, har ho vore i kontakt med barnevernet, men nekta å fortelje dei kva det gjeld, anna enn at ho ønsker seg ei ny familie.

Tilbake i no-tida, 17 år seinare, og journalist i BA, Alice Bratt, snublar over eit lik som har vore gøymt i eit skjult tilfluktsrom i skogen. Utanfor er det sett opp gravlys. Medan politiet prøver å stadfeste kven den døde er, forsvinn ei ung jente igjen frå området.

(2018)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung jente forsvann på 90-talet, medan Alice Bratt skreiv sine fyrste frilans-saker for BA. 17 år seinare dukker eit lik opp, og ei ny jente forsvinn.

Karakterane – 7

Miljøskildring – 7

Språket – 8

Starten – 8
Tonen vert sett ganske kjapt, og det skjer ting frå starten av.

Sidesnuing – 7
Det er litt langt mellom dei skikkelig spennande delane.

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8
Forfattaren er god til å narre oss, og det er ikkje lett å gjette kvar me skal før me er neste heilt framme.

Den gode kjensla – 7
Ting er litt for lett tilrettelagt, alt heng saman på ein litt for enkel måte, og alle er involvert i alt. Men boka er ei spennande overrasking for den som ikkje har vore borti forfattaren før, og kjem til å prøve ei av dei to fyrste bøkene også.

Avslutninga – 7
Ser ein bort frå at ein ikkje kjøper korleis alle trådane vert nøsta opp, så er slutten veldig god.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: