Verbitt klassikar
I 1947 vert Elizabeth Short, kalla «the Black Dahlia» funnen drept i Los Angeles. Når etterforskarane Bucky Bleichert og Lee Blanchard leitar etter spor, vert dei snøra inn i eit spinn av korrupte politifolk, vakre kvinner og mørke hemmeligheiter.
Midt mellom Bleichert og Blanchard står Kay Lee, i utgangspunktet venninna eller kjærasten til Blanchard, men i ferd med å gli over til Bucky Bleichert.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle klassikarar, og har ein hang mot noir-krim.
(1987)
Vurdering:
Plottet – 8
The Black Dahlia vert drept, og etterforskarane finn ut at ho har hatt masse bekjentskap i politiet. Mange veit noko, fleire skjuler noko.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Den ber preg av å vere over 30 år gammal, og det er litt seigt å kome seg gjennom den vesle kolossen.
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Det er mykje skjulte historier som dukker opp langsmed, og mange hemmeligheiter som stadig blir dryssa over historia.
Den gode kjensla – 8
Boka ber litt preg av alderen, men er omfattande, og det er mange omvegar. Det er like mykje ei bok om Blanchard og Bleichert, som om Dahliaen.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,7