RSS

Jo Nesbø – KNIV

24 Jun

Er det den beste frå Nesbø?

Den fyrste massemordaren Harry Hole arresterte, vert sett fri. Svein «Forloveden» Finne har sona ferdig.

Ein person som står Hole nær, vert funnen drept i sin eigen heim, og Harry Hole mistenker med ein gong at dette er på grunn av han.

Ein Harry Hole, som kanskje er på sitt lavaste nivå, me snakkar Hong Kong/Thailand-periodene, må løyse si hittil mest personlege sak.

NB: Klikkar du på «Les meir», så finn du spoilerar av historia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god krim og Harry Hole.

(2019)

Vurdering:

Plottet – 9
Samstundes som den fyrste massemordaren Harry Hole arresterte, mannen som vart kjend for å voldta sine offer, for så å tvinge dei til å føde borna, vert sett fri. Så vert Harry Hole sin av og på kjæraste, Rakel, drept i sitt eige hus i Holmenkollen.

Karakterane – 10
Karakterane er så velkjende og solide, og nok ein gong er spekteret av typar tilfredstillande og perfekt samansett.

Miljøskildring – 8

Språket – 10

Starten – 10
Det startar med begivenheiter som set preg på heile Harry Hole-universet.

Sidesnuing – 9

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 10
Ser du denne kome på side 3, så er du god.

Den gode kjensla – 9
Det byrjar å verte vanskelig å rangere Hole-bøkene, men denne er heilt der oppe. Umulig å legge frå seg, solid, brei, tilfredstillande.

Avslutninga – 9
Nesbø nøstar opp trådane slik andre berre kan drøyme om.

TOTAL: 9,2

 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/06/2019 tommar harry hole, nesbø, norge, oslo, politi, seriemordar

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: